Heim   >   Nyhende   >   Grisebønder droppar sluttpakke

Foto: Karoline Riise Kristiansen/NPK.

Grisebønder droppar sluttpakke

13 av 90 grisebønder som hadde takka ja til sluttpakke, har den siste tida ombestemt seg og vil heller fortsetje drifta.

Interessa var i utgangspunktet stor då ordninga med å betale 16.000 per avlspurke til bønder som slutta med grisehald, vart lansert. Men for drygt to veker sidan sat Nortura igjen med 90 bønder som ville slutte, betydeleg færre enn det som var målet.

Sidan den gongen har 13 bønder ombestemt seg, slik at det no er 77 som framleis vil ha sluttpakke, skriv Nationen. Dei har til saman litt over 2.500 purker. Målet med ordninga var å redusere mengda avlspurker med 4.000 for å få balanse i ein marknad prega av overproduksjon og tusenvis av tonn med svinekjøtt på reguleringslager.

– Vi skulle gjerne hatt større oppslutning om utkjøpsordninga. Det er viktig å få ned produksjonen, seier Norturas direktør for marknadsregulering Ole Nikolai Skulberg.

– Dette er ein gyllen sjanse til å kaste inn handkleet, seier Skulberg og oppfordrar fleire grisebønder vurdere å nytte seg av ordninga, som er open fram til 1. mai.

(©NPK)

– Vi skulle gjerne hatt større oppslutning om utkjøpsordninga. Det er viktig å få ned produksjonen, seier Norturas direktør for marknadsregulering Ole Nikolai Skulberg.

– Dette er ein gyllen sjanse til å kaste inn handkleet, seier Skulberg og oppfordrar fleire grisebønder vurdere å nytte seg av ordninga, som er open fram til 1. mai. (©NPK)