Gratulerer med dagen!

Dette er også ein dag for å stoppe opp og tenkje over kor heldige vi er som får bu i eit så rikt og godt land. Kåra til verdas beste land å bu i. Kanskje kan vi til og med innrømme at det ofte blir mykje syting over bagatellmessige ting, sett i høve kva menneske i mange andre land må slite med.
Vi skal ikkje bli sjølvgode og egoistiske, men vi har love å hylle landet vårt og fridomen vår med høg røyst utan å skjemmast over det. Det skal vi gjere med å sjå bakover, tenke på og takke alle generasjonar som har bygt opp landet. Og vi må sjå framover, vel vitande om dei utfordringane som ventar, enten det no gjeld kampen for å berge miljøet på kloden eller at andre i verda kan få det like godt som dei fleste av oss har det – i det minste nærme seg.
Gratulerer med dagen!