Gratulerer, Karsten!
I kveld tok Karsten Warholm VM-gull på 400 m hekk. For tre år sidan møtte vi han under Sparebankleikane på Byrkjelo.
Der konkurrerte han mot eit anna stort friidrettstsalent, Thomas Mardal frå Gloppen. Den gongen handla det om 10-kamp.
Langt fram
På Byrkjelo spurde vi Karsten Warholm om han trudde han nokon gong kunne bli god nok til OL-deltaking.
-Ja, kanskje, men det er langt fram dit, sa han då.
No er han der og det er berre å bøye seg i støvet for denne idrettsutøvaren som har sterk tilknyting til Gloppen.