Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gratulerer Gloppen

Mange har tatt turen til Fosseteateret i Trivselsskogen i sommar.

Gratulerer Gloppen

– Dette er Noreg på sitt vakraste. Det finst sjølvsagt andre fine stader i landet også, men akkurat i dag er det Gloppen og Sandane som gjeld, sa statsminister Erna Solberg då ho onsdag kveld stod for den offisielle opninga av Trivselsskogen på Sandane.

 

Fleire hundre menneske hadde møtt opp for å vere med på opninga av Trivselsskogen denne varme og fine sommarkvelden. Dei benka seg i amfiet som er laga til i Tin-camp, men ein del måtte også nøye seg med ståplass. Til å leie arrangementet hadde Trivselsskogen alliert seg med Odd-Bjørn Hjelmeset, eit oppdrag han utførte på ein glimrande måte. Med litt skjemt og moro vart det passeleg høgtideleg og ei triveleg samling for dei frammøtte.

 

Trivselsskogen på Sandane er eit unikt og godt tilrettelagt turtilbod for både små og store på nordsida av E39 like ved Sandane sentrum. Nettverket av stiar er fleire kilometer langt, og består av både grus- og flislagde vegar, stiar, sherpatrapper og skogsvegar. Dette gjer det lett å finne høvelege turalternativ. Stinettverket er laga som ein rundtur, og på heile runda brukar ein 1,5-2 timar. Det er sherpaer frå Nepal som på meisterleg vis har laga trapper i dei bratte partia mot Holvikfossen og Utsikten. Trappene er ein attraksjon i seg sjølv, men gjer det også enklare for turgåarar å ta seg fram i dei brattaste partia.

 

På utsiktsplatået Draumekvila finn ein kommunen si dagsturhytte med eit minibibliotek for nynorske bøker. Hundre meter frå parkeringsplassen ligg Trygg i Naturen, også kalla Tin-campen. Dette er eit lågterskeltilbod der ein ønskjer å gje born, unge og menneske med nedsett funksjonsevne lettare tilgang til naturen. Prikken over i-en i skogen er utsiktsrampen oppe ved Holvikfossen, også kalla Fosseteateret.

 

– Du finn alt i Trivselsskogen, sa juryleiar Per Hilleren då Trivselsskogen vart kåra til den beste turruta i Sogn og Fjordane i desember 2018 og vart tildelt 25.000 kroner av fylkeskommunen og Gjensidigestiftelsen. Og det har Hilleren heilt rett i. Her finn ein jammen det aller meste. Onsdag kveld vart dugnadsgjengen i Trivselsskogen tildelt endå ein pris, Folkehelseprisen for Sogn og Fjordane. Dei har lagt ned ein formidabel innsats dei siste åra, og prisen er vel fortent.

– Dette er det beste folkehelsetiltaket vi kjenner til i mils omkrins, sa Atle Søreide og Magnhild Ravnestad då dei delte ut prisen.

 

Idéen til Trivselsskogen var det næringssjef Knut Roger Nesdal som i si tid lanserte. Han har vore dugnadsleiar, men har ikkje gjort jobben åleine. Under opninga onsdag kunne han konstatere at amfiet i Tin-campen var for lite.

– Eg er eg stolt over det vi har fått til i lag. På to år og ti månader har 1500 oppmøtte bidrege med 7500 dugnadstimar til fellesskapet. Vi har fått inn 8,5 millionar kroner frå private, næringsdrivande, stiftingar, kommune, fylke og stat. Satsinga kan bidra til betre folkehelse, auka trivsel, positivitet, folketalsvekst, meistringskjensle, stoltheit, framsnakking og næringsutvikling, betre integrering, turisme og reiseliv. Ringverknadene er vi så vidt begynt å sjå, sa Nesdal.

 

Til liks med næringssjefen håpar vi at Trivselsskogen vil gje positive ringverknader. Lokale innbyggjarar har allereie teke anlegget i bruk, men også tilreisande gjester og turistar har denne sommaren funne vegen til toppen av Holvikfossen for å nyte utsynet over Sandane og Gloppefjorden.

 

Då Trivselsskogen vart opna onsdag kveld, opplevde vi Gloppen på sitt vakraste. Vi gjer statsminister Erna Solberg sine ord til våre og seier: Gratulerer med eit fantastisk prosjekt!