Godt NM-resultat for Malin

Malin Støyva (25) frå Byrkjelo har i kring ni år vore borte frå friidretten. I februar tok ho opp att treninga for fullt, og sette fredag ny personleg rekord under NM i friidrett på Hamar.


Høgdehopparen representerer no Norna-Salhus IL, og har hatt ei god utvikling gjennom treningsåret. No har ho forbetra rekorden sin med 14 cm i høgde. I NM kom ho på sjette plass med høgda 1,70 meter, same høgd som bronsevinnaren.

– Veldig kjekt

– For meg er ikkje plasseringa like viktig som resultatet. Eg sette ny personleg rekord, noko som er veldig kjekt. I tillegg har eg same resultat som tredjeplassen, men sidan eg hadde fleire riv, fekk eg ein sjette plass, fortel Støyva.

Ho har i løpet av året sett fleire personlege rekordar, det fortel ho er svært motiverande. Ho ser at 1,75 meter ikkje er langt vekke, og tykkjer det er kjekt å sjå resultat av treninga.

– Eg er motivert til å gjere ein innsats, og sjå om eg kan nå lengre. Om det vert fleire konkurransar no, er usikkert, viss ikkje blir det trening til innesesongen over jul. Eg tek det som det kjem, og med andre ting på planen i tillegg får vi sjå kva eg har overskot til, seier ho.

Målet no er å greie 1,75. Ho får god oppfølging og gode treningsplanar.

Tilbake etter pause

Malin Støyva deltok i den siste konkurransen då ho var 16 år gamal, og gav seg etter den. Sidan har ho i fleire år tenkt at friidrett hadde vore ei kjekk treningsform, men ho har budd i Bergen og ikkje vore tilknytt friidrettsmiljøet der.

– Eg studerte idrett ved NLA og hadde friidrett på skulen. Trenaren til Norna-Salhus IL, Jonathan Byrkjenes, såg meg og tok kontakt. Eg tenkte at eg då måtte ta sjansen og sjå om eg framleis hadde det i meg, smiler ho.

Ho starta med noko trening i fjor haust, og starta for fullt i februar. Den målretta treningsperioden blei såleis kort, i tillegg til at dei trappa ned i konkurransesesongen. Ho fortel at ho ikkje har lagt ned maksimal innsats, men hatt jobb og ferie. Likevel gav treninga gode resultat, det tykkjer ho er kjekt.

Hardt for kroppen

– Med mange år ute er eg ikkje van med å trene på denne måten. Eg er heller ikkje like ung som sist, og kjenner at det er tyngre og hardare for kroppen no. I tillegg er det tidkrevjande. Dei som satsar høgt må ofre utruleg mykje, men sjølv om eg ikkje er på toppnivå, går det mykje tid, fortel Støyva.

Treningsmengda varierer, men i grunntreningsperioden blir det kring seks økter i veka, med to til fire timar kvar gong. Ho er busett i Bergen, og startar i ny jobb der til hausten. Då skal ho starte i ei lærarstilling på ungdomstrinnet i Åsane.

– Det blir spennande med nye utfordringar. Det kan bli vanskeleg å kombinere full jobb og mykje trening, men eg er motivert til å gje det ein sjanse. Eg kjem til å kjenne på energien og ta det som det kjem, seier høgdehopparen.

Sidan Malin Støyva konkurrerte allereie fredag, kunne ho nytte resten av helga til å ta det med ro og følgje med på resten av klubben.

Malin Støya frå Byrkjelo sette ny personleg rekord under NM i friidrett fredag. Ho hoppar høgde for Norna-Salhus IL. (Foto: Jonathan Byrkjenes)