Heim   >   Nyhende   >   Gode erfaringar med ope internett på eksamen

Illustrasjonsfoto: Berit Roald/NTB scanpix/NP.

Gode erfaringar med ope internett på eksamen

Ni av ti elevar i vidaregåande skule meiner det er positivt med tilgang til internett under eksamen, viser evaluering av forsøksordninga.

– Eksamen skal måle kva elevane har lært. Samtidig må vi sørgje for at eksamen og den undervisninga elevane får til dagleg heng godt saman, seier statssekretær Tom Erlend Skaug (H) i Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

Forsøk med bruk av ope internett under eksamen har halde på sidan 2012, og er blitt justert og utvida undervegs. I fjor vår fekk alle kandidatar i sju fag frå studiespesialiserande utdanningsprogram ved 299 skular bruke nettet heilt ope på eksamen.

Evalueringa av forsøksordninga viser at 94 prosent av elevane meiner det er nyttig å ha tilgang til internett under eksamen. To av tre lærarar meiner at eksamen med ope internett samsvarer med undervisningspraksisen i faget. Også IT- og eksamensansvarlege opplevde at eksamen vart gjennomført på ein god måte.

Samtidig viser evalueringa at ein av fem elevar opplever det som meir stressande å gjennomføre eksamen med tilgang til internett enn utan. Fleire trekkjer fram at det fort kan bli for mykje informasjon tilgjengeleg, at dei brukar for mykje tid på internett og uvisse rundt kva ein kan bruke utan å bli skulda for plagiat eller fusk.

I arbeidet med fagfornying er det nedsett ei eksamensgruppe som skal sjå på kva slags eksamensformer skulen skal ha. Ordninga med ope internett skal sjåast i samanheng med arbeidet til eksamensgruppa, og dette er derfor eit viktig kunnskapsgrunnlag for dei. (©NPK)