Dagleg leiar Geir-Atle Bolseth tykkjer det er kjekt at Bolseth Glass AS har hatt ei endring i positiv retning.

God utvikling for Bolseth Glass

Bolseth Glass AS har hatt ei langsiktig satsing som dei no ser resultat av i form av svært grøne tal. Bedrifta med hovudkontor på Sandane hadde i 2018 eit overskot før skatt på åtte millionar kroner.


Bolseth Glass AS auka omsetnaden med 47 prosent til nærare 123 millionar kroner i fjor. Bedrifta sat att med om lag 5,5 millionar kroner meir i overskot før skatt enn året før.

Nøgd med resultatet

– Det er stor endring både i salsinntektene og i resultatet av salsinntektene. Begge har hatt ei auke. Samstundes er det berre normale inntekter, resultatet er ikkje meir enn det ein treng for å kunne utvikle seg. Vi er svært nøgde med å ha hatt ei endring i positiv retning, fortel dagleg leiar, Geir-Atle Bolseth.

Han forklarer at ein må starte godt allereie frå januar av for å oppnå ein auke. Om ein ikkje har fått store prosjekt frå starten av, er det vanskeleg å ta dette att resten av året.

– Vi har hatt fullt opp å gjere frå januar til desember, med forholdsvis store prosjekt. Tidlegare har vi òg hatt store prosjekt, men no har vi hatt kontinuitet i dei. Det er nok grunnen til den stor auken i omsetnaden. Det er enklare å få volum med færre store prosjekt i staden for mange små, seier Bolseth.

Overskotet går i hovudsak til drifta i form av investering i framtida. Det går til utstyr, bil, bygg og maskinar. I tillegg vert det teke ut utbytte for å betale skatt.

Langsiktig satsing

I fleire år har bedrifta satsa på store prosjekt. Det er både typen og storleiken på prosjekta som har resultert i ein auke i 2018. Bedrifta er blant dei leiande fasadeentreprenørane i Noreg.

– Vi ser føre oss at vi har sjanse til å kome opp i same omsetnad også i 2019. Vi er om lag halvvegs allereie, og det ser bra ut. Vi har budsjettert med eit ganske likt tal i år, og ligg kring der vi skal vere no, fortel Bolseth.

Bolseth Glass AS leverer mykje ferdigelement frå fabrikken, og ferdigelementa blir ofte brukte på store prosjekt. Dette har bedrifta halde på med i mange år, og har treft bra. Det tek likevel tid før ein ser resultatet, og omsetnaden har såleis vore noko svingande dei siste åra før kurva steig bratt frå 2017 til 2018. Strategien framover er å halde det fotfestet dei no har fått.

Dyktige tilsette

– I tillegg til prosjektstrategien er vi blitt flinkare på konkurranse. Vi har mykje erfaring i bedrifta med dyktige tilsette, det har òg resultert i ein auke, seier Geir-Atle Bolseth.

Bolseth Glass AS har om lag 75 årsverk. Kring 50 av dei tilsette held til på Sandane, og dei andre 25 er ute på montering. Per i dag er dei på jakt etter fleire tilsette.

– Vi er i forhandling om ein lærling, og vil tilsette to, tre personar til. Vi har utvida i prosjektering og sal med to personar dei siste to åra, fortel han.

Dei to største nedslagsfelta til bedrifta er Bergen og Oslo. Verksemda har ikkje prosjekt utanfor Noreg i dag, men dei har vore både i Sverige og Danmark tidlegare, og er opne for mykje.

Fleire store prosjekt

Bolseth Glass AS arbeidde med fleire store prosjekt i 2018, både i Oslo og Bergen.

– I Bergen har vi mellom anna jobba med Skipet på Danmarksplass, med GC Rieber som byggherre og kontraktspartner. Vi har også jobba med Lagunen storsenter og Norges Handelshøgskole i Bergen, fortel Bolseth.

I Oslo har bedrifta arbeidd med til dømes kontorbygget K5C, K4 hotell og kontor og Skøyen atrium.

– Vi har elles fleire store prosjekt på gang som vi enno ikkje har signert. Dette gjev oss grunnlag for å tru at resultatet i 2019 vil likne 2018, seier han.

Sjølv om dei vel store prosjekt, utfører dei også mindre jobbar. Dei er med i lokalmarknaden på og kring Sandane, og leverer ned til det minste vindauge. Bedrifta starta i det små og vil framleis ha med seg denne delen, men for å kunne sysselsetje mange må dei fokusere på større prosjekt i tillegg.