Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gloppestad blir ordførar

Leidulf Gloppestad blir etter alt å dømme ny ordførar i Gloppen.

Gloppestad blir ordførar

Leidulf Gloppestad, Senterpartiet, blir den nye ordføraren i Gloppen. Magni Aa Berge, Sp, blir varaordførar. Det er klart etter at Sp, Ap, V og SV skreiv under samarbeidsavtalen i kveld.

Arbeidarpartiet og Arnar Kvernevik får plass i formannskapet. Det same gjer Venstre sin einslege kommunestyrerepresentant, Bjarte Gangeskar.

SV og Hege Lothe blir første vara på samarbeidspartane si liste til formannskapet. Senterpartiet får tre formannskapsplassar.

Arnar Kvernevik blir leiar i det nye utvalet som blir slått saman av dei noverande utvala teknisk/landbruk og kultur/miljø.
Senterpartiet får leiarvervet i oppvekstutvalet.

Les meir i papirutgåva fredag.