Gloppen Musikkfest byr på gratis lunsjkonsertar i Galleri 104 frå måndag til torsdag denne veka. Frå venstre: styreleiar Hanne Oftedal, festivalleiar Katrine Anita Heggelund og Audun Sandvik frå kunstnarleg leiing. 

Gloppen Musikkfest er i gang

Gloppen Musikkfest håpar på å gje publikum mange flotte konsertopplevingar i løpet av veka. – Det blir både nært og spektakulært, og det er kremen av musikarar som kjem hit, seier festivalleiar Katrine Anita Heggelund.

Årets festival er den 17. i rekkja og har fått tittelen Kringla Heimsins.



Stjernemusikarar

– Kringla Heimsins er den norrøne nemninga på omkrinsen til jorda. Vikingane trudde at jorda var flat og at midtgardsormen heldt rundt jorda og beit seg sjølv i halen. Vi brukar omgrepet sirkel på mange ulike måtar i løpet av festivalen, mellom anna er repertoaret henta frå store delar av verda. I vide sirklar tek vi turen rundt på kloden og hentar verda hit. Reisa kan gå føre seg på ulike plan – kringom i verda, året rundt og gjennom skiftande årstider. Vi opnar også for ei reise innover i oss sjølve, smiler Katrine Anita Heggelund, og håpar at mange har lyst til å vere med på den musikalske reisa til musikkfesten i år.

Dei fleste av musikarane er frå Skandinavia.

– Men fleire av dei har røtene sine frå til dømes Japan, Kina, Romania og Finland. Dette er stjernemusikarar frå balletten, Kringkastingsorkesteret og andre store orkester. Vi har også ein del svært ettertrakta frilansmusikarar, fortel festivalsjefen.

Storslagent i kyrkja

Dette blir hennar første festival som leiar.

– Kva ser du aller mest fram til?

– Eg ser fram til å få alle musikarane på plass og kome skikkeleg i gang. Eg gler meg veldig til konsertane og få vise publikum kva vi jobbar med. Under opningskonserten tek vi føre oss årstidene. Eg ser også fram til avslutningskonserten i Vereide kyrkje søndag der festivalmusikarane skal framføre «Das Lied von der Erde» – «Songen til jorda» – av Gustav Mahler. Det er ikkje så ofte vi framfører heile verk, men denne konserten trur eg blir storslagen. Det blir også artig med tangofest i dramasalen fredag. I tillegg gjer vi ting vi ikkje har gjort før. Vi skal ha konsert i bedehuset i Breim. Det blir spennande å sjå korleis dei ulike arenaene fungerer, seier ho.

Både klassisk og tango

Å leggje konsertar til nye stader trur ho er bra både for festivalen og publikum.

– Som tidlegare år står klassisk musikk sentralt under Gloppen Musikkfest. I år er vi også innom tangoen. Publikum får ikkje berre høyre tango under tangofesten fredag, men også på andre konsertar. Det blir også veldig artig, seier festivalsjefen.

Tidleg i veka er det konsertar kringom i fylket, i både Fjaler og Jølster, før musikarane samlast i Gloppen. Det blir konsertar på Nordfjord Folkemuseum, i Vereide kyrkje, Galleri 104, kultursalen i Trivselshagen, hos Frydenbø Bilsenter, i bedehuset på Breim og på Lauget.