gloppen krf starta valkampen for alvor med besøk av partileiar og statsråd kjell ingolf ropstad, her saman med svein-ottar sandal (ordførarkand) og trude brosvik (fylkesordførarkandidat vestland fylke)

Gloppen Krf vil arbeide for innføring av fritidskort

Partileiar Kjell Ingolf Ropstad håpar regjeringa innfører fritidskort i inneverande stortingsperiode. – Det vil vi følgje opp lokalt, seier ordførarkandidat Svein-Ottar Sandal

Gloppen Kristeleg Folkeparti har for alvor starta kommunevalkampen. Tysdag vitja partileiar og Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad Gloppen med stogg i Trivselshagen som lokallaget meinte var ein svært høveleg stad for å presentere ei av hjartesakene til KrF, fritidskortet.


– Godt rusta


– Det skjer svært mange fritidsaktivitetar i Trivselshagen. Det er nærast som eit nav i all aktivitet, sa ordførarkandidat Svein-Ottar Sandal. Han peika på Gloppen sine gode plasseringar i ulike kåringar i fleire år som bakgrunn for å fokusere spesielt på fritidskortet.


– UEFA kåra Gloppen til den tredje beste kommunen på breiddeidrett i 2015. Same året vart vi kåra til den tredje beste kommunen å bu i, og i 2017 vart vi den beste musikkommunen, og kanskje er vi landets beste på integrering, sa Sandal som også nemnde at Firda vgs. fekk Dronning Sonjas skulepris.


– Vi er veldig godt rusta til å ta i mot fritidskortet, konkluderte Svein-Ottar Sandal.


Viktig sak


Kjell Ingolf Ropstad slo fast at fritidskortet er ei viktig sak for partiet.


– Det blir ikkje eit fysisk kort, men ein app som kan lastast ned. Staten skal løyve ein nasjonal del, og så kan kommunane fylle på, kanskje i samarbeid med lokalt næringsliv, sa han. Landsmøtet har tidlegare vedteke at minstesummen skal vere 2000 kroner. Kortet skal ikkje behovsprøvast men gjelde for alle i alderen 6 – 18 år og sikre at ingen av økonomiske årsaker ikkje kan ta del i fritidsaktivitetar.


– Eg har sjølv vore glad i å spele fotball og opplevd kor viktig det er å vere med i fritidsaktivitetar. Ikkje å kunne delta av økonomiske årsaker er ein kime til utanforskap, sa Ropstad.


Island


Han synte til den såkalla Islandsmodellen.


– Der fekk alle born fritidskort. Bakgrunnen var ei undersøking som synte at 40 prosent av ungdomen hadde drukke seg fulle siste månaden. Det ville styresmaktene gjere noko med, fortalde Robstad. Svaret vart fritidskortet som synte seg å bli ein suksess. I etterkant har tilsvarande undersøking vist at berre fem prosent rusa seg.


Sjølv om det finst ordningar gjennom NAV som gjev støtte til å delta på fritidsaktivitetar, viser det seg at ikkje alle kjem dit. No skal to kommunar i landet prøve ut Frikort.


– Det tek alltid litt tid å utgreie prosjekt, men eg håpar vi kan innføre Frikort i Noreg i løpet av denne stortingsperioden, sa Ropstad.


Programfesta


Frikort til alle vil koste 1,6 milliardar med ei minimumsgrense på 2000 kroner.


– Det er kostbart, men det er så god førebygging at det er ein kostnad det er verdt å ta, sa Kjell Ingolf Ropstad.


– Gloppen KrF har programfesta at vi vil arbeide for å innføre Frikort, slår Svein-Ottar Sandal fast.


Førstekandidat på KrF si valliste til nye Vestland fylke er Trude Brosvik.


– Gloppen bør innlemmast som ein tredje forsøkskommune med Frikort, med Svein-Ottar som ordførar, føreslo ho. Den ballen tok Sandal straks i mot, medan partileiaren var forsiktig med å plusse på med ein ekstra forsøkskommune på sparket.