Når gradestokken passerer 20 grader og Reidun kan ta på seg lette kle, kjem ho i sommarstemning.

-Gloppen har mange perler

Namn: Reidun Ask Flølo
Alder: 58 år
Sivil status: gift
Bustad: Hovden i Breim
Yrke: fagbrev i sal og service, jobbar på Coop Extra Sandane



Kva er din favorittaktivitet i ferien?
– Eg er glad i fjelltoppar. Det er vanskeleg å velje ein favoritt sidan Gloppen er berika med utruleg mange flotte toppar. Vora er ein fin topptur, men her finst òg mange korte. I sommar inviterte ei venninne meg med ut til Hestenesøyra, der vi gjekk frå Eikeneshesten til Morafta og ned på Ryggjastøylen. Det var ein lang, men kjempefin tur. I tillegg likar eg godt å vere saman med familie og vener.
Kva blir høgdepunktet i sommar?
– Eg reiser ikkje mykje utanlands, men liker meg svært godt heime og i nærområdet. Likevel var det ein tur til Agia Marina med familien som vart høgdepunktet denne sommaren. Eg har vaksne ungar, men vi greidde å planleggje det slik at alle ungane og eitt barnebarn vart med på ferie. Det var heilt fantastisk.
Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?
– Vi har utruleg mykje i Gloppen, men eg er særleg imponert over Fosseteateret. Eg ville òg ha vist fram Kvile kultursti til klebersteinhellene, der ser ein tydeleg at det er hogd ut emne til gryter. Det vil eg anbefale, det er heilt unikt. Eg vil òg ta dei med til Reed camping og Refjæra med badeliv. Til sist ville eg ha avslutta dagen med brillebollar på Bakar Jon og ein tur på Byrkjelo camping.
Kva meiner du er den beste sommarmaten?
– Det må bli grillmat. Det spesielle om sommaren er at ein kan lage mat ute. Eg grillar helst kylling eller kje, men om barnebarnet er på besøk, blir det sjølvsagt pølser. Av tilbehøyr liker eg grøn salat toppa med granateple og mango, og rosepoteter til. Det er poteter skorne i skiver, rulla til roser og steikte i form med fersk timian og godt smør. Dessert må vi også ha, og vi kjem ikkje utanom gloppejordbær med krem og vaniljesaus. Det er den perfekte sommarmaten for meg.
Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?
– Eg kjem frå Askvoll, dit må eg. Elles har eg ingen ferieparadis, men eg vil ta med meg arbeidskollegaene og sjefen min på ein lang fjelltur ein søndag.
Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?
– Shorts og sandalar. Eg går mykje i ullsokkar resten av året, og ser fram til å byte dei ut når sommaren kjem.
Favoritt dialektord eller -uttrykk?
– Offa meg, med O først. Det er eit uttrykk eg bruker ein del.
Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?
– I dag tok eg ferskpressa appelsinjuice, men eg drikk stort sett vatn. Aller helst drikk eg iskaldt fjellvatn.
Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?
– Eg må få gradestokken over 20 grader. Det treng ikkje nødvendigvis å vere sol, men fin temperatur og lange, lyse kveldar. Å få vere ute og fri seg frå klokka bidreg til sommarstemninga.
Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?
– Det må bli med barnebarnet mitt, Henriette på to år. Ho har ein stor plass i hjartet mitt.
Kva for musikk får deg i godt humør?
– Når det gjeld musikk, er eg ganske altetande. Bjørn Eidsvåg har ein heilt spesiell musikk som treff meg veldig. Hard rock liker eg ikkje.
Kvar tar du helst ein dukkert?
– Heime i boblebadet, for der kan eg styre temperaturen. Eg er inga badeløve.
Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?
– Eg er veldig glad i seine sommarkveldar. Det er lyst lenge, og ofte ein fantastisk temperatur eg kan nyte heime, til skilnad frå dei andre årstidene.
Kva drøymer du om?
– Eg har allereie fått oppfylt draumen min. I 2011 vart eg, mannen min og ungane våre, Stian og Renate, inviterte til Svalbard i ei veke. Dottera vår, Ingelin, studerte der og tok oss med på omvising. Då fekk eg kome inn i gruva der far min jobba då han var ungdom, det var ei fantastisk oppleving og eit minne eg ser tilbake på med glede. No ønskjer eg å få reise opp att med søskena mine slik at også dei får sjå gruva.
Kven vil du sende ei sommarhelsing til?
– Til vener langt vekke som eg kanskje ikkje møter så ofte, og til mor mi på 82 år.