Gloppen ein utviklingskommune?

Lesarinnlegg av Svein Ottar Sandal, gruppeleiar Gloppen KrF: 

At Gloppen kommune står overfor ein del store utfordringar, er det ikkje tvil om etter siste kommunestyremøte der vi fekk  overraskande presentert store overforbruk i drifta av kommunen og uventa underskot.

Likevel må ein kommune ha fleire tankar i hovudet samtidig. Ein må også i ein slik situasjon ha fokus på utviklingsretta arbeid, for det er noko av det som på sikt også kan betre den kommunale økonomien og skape vekst. I 2018 var Gloppen den kommunen i Nordfjord som hadde størst tilbakegang i folketalet – 38. ( Eid -6, Stryn -28) Totalt i Nordfjord – 198. Det viser med stor tyngde at det må satsast framleis på bustadbygging og næringsutvikling.

KrF har i denne kommunestyreperioden hatt eit sterkt fokus på tiltak som kan auke busetnad og næringsaktivitet i Gloppen. På kommunestyremøtet i februar hadde vi til handsaming handlingsprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel for 2019 – 2022, og KrF-gruppa kom med fleire forslag:


  1. Som ledd i sykkelstrategien vår etablere ei utleige/leasing/abonnementsordning for Elsyklar gjerne gjennom samarbeid med privat næringsliv.

  2. Vere ein aktiv vertskommune for NoMil.

  3. Etablere ein strategi for å vere i posisjon for utflytting av statlege/offentlege arbeidsplassar, og rådmannen vert beden om å gje plass for administrativ kapasitet til dette arbeidet.

  4. Kommunen skal etablere ein plan for opparbeiding av næringsareal.

  5. Avklare om det i Gloppen skal gjennomførast forsøk med leksefri skule.


Utflytta statlege arbeidsplassar

Under avstemminga fekk KrF fleirtal for dei fleste av ovannemnde framlegg. Men Senterpartiet og dei andre samarbeidspartia ville ikkje vere med på at det må vere på plass administrativ kapasitet for å kunne jobbe strategisk i høve utflytta statlege/offentlege arbeidsplassar. I KrF stiller vi oss undrande til dette. Vår erfaring er at skal Gloppen kommune i det heile vere i posisjon til å nå tak i utflytta statlege arbeidsplassar, så krev det å legge til rette for strategiske val, og der ikkje minst at ein har kapasitet i administrasjonen til å jobbe med desse til dels tunge spørsmåla. Senterpartiet peika på at ein gjennom Nordfjordrådet har denne type kapasitet. Ja det kan godt vere, men til no har Nordfjord kome desidert dårlegast ut når det gjeld nye offentlege arbeidsplassar. Vi kjempar med nebb  og klør for å behalde dei få vi har. Vi veit at i Nordfjord som elles i fylket er det kamp om denne type arbeidsplassar og ein kvar er seg sjølv nærast! Såleis har vi lita tur på at det kjem noko resultat ut av dette dersom ikkje kommunen er villig til å frigjere administrativ kapasitet til å jobbe med dette i samarbeid med oss politikarar.

Byggeklare næringsareal

Tilbod på gode næringsareal er alltid viktig for ein kommune. Erfaringar frå andre kommunar, og også i Gloppen, er at det ikkje er nok å regulere og kjøpe areal. Det må også opparbeidast slik at dei er byggeklare. Det har vi ferske eksempel på frå både Stryn og Eid. KrF har tidlegare kome med forslag om at vi må gjere noko konkret på Byrkjelo. I Sandane-området ligg mellom anna Kattahamrane som det beste næringsområdet vi kan tilby. Lett å opparbeide, god tilgang til eksisterande vegnett og nærleik til sjø og kai. Og att på til er det solrikt! Dette har no lege der sidan starten på 90-talet og er i dag lite i bruk. Dette arealet må opparbeidast til eit byggeklart areal og aktivt marknadsførast til næringslivet.

Eg trur vi må seie som sogningane, som har lukkast best på utvikling: Stao No Pao!