Leiar for aksjonskomiteen, Magni Aa Berge er godt nøgd med både gjennomføring og resultat av årets Tv-aksjon. Dagfinn Nyhammer var som vanleg med på oppteljinga i Gloppen Sparebank.

Glopparane er rause

Fasiten for årets TV-aksjon er klar, kvar gloppar bidrog med 62 kroner i snitt til Kirkens bymisjon. I Jølster gav kvar innbyggjar vel ein femtilapp til innsamlingsaksjonen.



Leiar i aksjonskomiteen i Gloppen, Magni Aa Berge, er svært godt nøgd med både resultatet av innsamlinga og gjennomføringa av aksjonen.

– Positive  glopparar

– Glopparane har vore rause og positive når bøsseberarane har ringt på døra, det har vore stor velvilje, fortel ho.

62 kroner per innbyggar gjer at Gloppen kjem på ein sjetteplass i fylket og på ein 97. plass blant kommunane totalt i landet. I Gloppen vart det samla inn litt over 363.000 kroner i helga, i Jølster var totalresultatet i underkant av 153.000 kroner.

– I store næringslivskommunar ser ein at bedriftene gjerne bidreg med store summar, noko som dreg opp snittet. I Gloppen er den private gjevargleda stor, understrekar Aa Berge.

Spreke bøssebærarar

Oppteljinga fann som vanleg stad i sparebanken si avdeling på Sandane.

– Det hadde dessverre skjedd ein feil i datasystemet som heldt styr på frivillige. Tre bøsseberarar som hadde meldt seg og møtt opp var det ikkje bruk for, og det beklagar vi. Elles gjekk alt som det skulle. To tilsette i banken var med på å telje opp, og vi sat i banken frå klokka fem til åtte. Bøsseberarane og andre frivillige fekk kome inn frå kulden og kose seg med heimelaga sjokoladekake, saft og kaffi. Nokre av innsamlarane sykla over store område for å samle inn pengane. Eg vil rette ein stor takk til alle, både born og vaksne som brukte søndagen til dette, seier innsamlingsleiaren.

Og det er ikkje for seint å gje eit bidrag til Kirkens Bymisjon. Ei bøsse er sett fram i banken, og ein kan også vippse pengar til 2133.