Heim   >   Nyhende   >   Gloppar leier Landssentralen

– Drifta av kraftsystemet er ein balansekunst, der ein må syte for umiddelbar balanse mellom forbruk og produksjon. Hendingar, flaskehalsar og skiftande forhold held dei tilsette på Landssentralen i arbeid 24 timar i døgnet heile året, seier Idar Gimmestad.

Gloppar leier Landssentralen

Idar Gimmestad er avdelingsleiar for Landssentralen til Statnett i Oslo, og er ein av dei som er nominert til prisen Årets unge leiar 2014. – Det er veldig kjekt å vere nominert. Dette er ei stadfesting av at eg gjer noko riktig, seier 39-åringen frå Gloppen.

Det er Statnett som har nominert Idar Gimmestad, som allereie har vore gjennom fleire testar i samband med kåringa av Årets unge leiar 2014.

Tre hovudoppgåver

– Det er firmaet Assessit som står bak denne kåringa. Også denne veka skal eg ha eit møte med representantar frå selskapet og gå gjennom nye testar. Assessit driv med leiarutvikling og ønskjer fokus på det. At eg er nominert, er ei stadfesting på at Statnett meiner eg gjer ein god jobb. Det er kjekt, seier Idar Gimmestad.

Han er utdanna sivilingeniør i elkraftteknikk frå NTNU, og flytta til Oslo i 2001 og tok til å jobbe på Landssentralen. I 2010 vart han avdelingsleiar.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.