Heim   >   Fylket   >   Glimesteinar til Ålhus

Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet kjem til Ålhus komande laurdag.

Glimesteinar til Ålhus

Denne veka kjem Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet til Voss, Balestrand, Vik, Jølster og Fjaler med ein nyprodusert litterær konsert. Islandsk diktekunst og livsfilosofi er inspirasjonskjelda.

Rom for ord og FolkJazzScena til Førdefestivalen samarbeider om ein nyprodusert litterær konsert med Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet. Det blir turnéstart på Voss 21. november og konsertar i Vik 22. november, Balestrand 23. november, Ålhus 24. november og Dale 25. november.

Eit stjernelag

– Vi er svært glade for initiativet og samarbeidet. I folkemusikken er forteljingane ofte vesentlege. Saman med Rom for ord kan vi løfte fram den litterære sida av musikken og hjelpast åt å nå ut til endå fleire scener, seier ny direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås.

Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord mønstrar eit stjernelag når islandske viser møter publikum i nynorsk språkdrakt denne veka. Til den litterære konserten har Gabriel Fliflet tonesett fleire av omsetjingane i Johannes Gjerdåker si fine samling med same tittel.

– Tekstane er konsentrerte og poengterte. Det som skal seiast vert uttrykt i fire, korte linjer. Melodien må rekke å starte si ferd, gjere si reise og lande att. Ingen refreng, ingen omkvede. Det er ei spanande utfordring fortel Fliflet.

Gler seg til turné

Den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson gler seg til turéen.

– Johannes Gjerdåker har gjort eit fantastisk arbeid med utval og gjendikting av visene våre i «Glimesteinar». Det er ei glede og ei ære for meg å få samarbeide med Gabriel Fliflet og Berit Opheim om å formidle sjangeren som eg er så glad i, seier han, og held fram:

– Eg er så heldig at eg har vakse opp med denne visekunsten. Om ein stortingsrepresentant skal vinne respekt av andre på Althingi i Reykjavik må han vere i stand til å lage ei slik vise, ei ferskytla. Det same gjeld andre yrkesgrupper. Den islandske visa formidlar det islandske landskapet, folket og historia, utdjupar forfattaren.

Folkesongar Berit Opheim ser også fram til å vere med på reisa.

– Eg gler meg stort til å få vere med å formidle desse vakre, poetiske og fortetta tekstane til tradisjonelle norske og islandske melodiar, i tillegg til Gabriel sine nye, flotte meloditilskot. Dette er rett og slett stas, smiler ho.