Breimstafetten er mellom dei avlyste arrangementa i regi av BBIL dette året.

Gler seg til nok ein Breimstafett

Alt er planlagt og klart for Breimstafett nummer 81 på Reed stadion søndag. 71 lag er påmelde, og leiar i BBIL, Bjarte Gangeskar, håpar vêrgudane vil spele på lag også denne dagen.

– Påmeldingsfristen var 1. mai, og vi er alltid spente på tampen av denne dagen. Totalt er 71 lag påmelde, det er veldig bra. Dette er ein tradisjonell stafett, og blir arrangert på same måte som tidlegare. Med unntak av vêret, har vi god kontroll,  seier Gangeskar.

Mange deltakarar

Arrangørane er nøgde med påmeldinga, sjølv om stafetten hadde elleve fleire lag i fjor. Skulelaga er det noko færre av i år, men dei andre held seg stabile.

– For nokre potensielle lag kolliderer stafetten med miniputturnering i fotball. Vi fekk flytta turneringa til laurdag i det næraste området, men for nokre lag i Sunnfjord kolliderer det framleis. Vi var spente på utfallet, men det har gått greitt. Kjekt er det at to lag frå Hordaland stiller. Tidlegare rekrutterte Breimstafetten deltakarar frå eit mykje større område. Dette har ikkje vore praktisert dei siste tiåra, og då er det kjekt at lag utanfrå no melder seg på likevel, meiner Bjarte Gangeskar, og legg til at Kraftprøva framleis har plass om fleire ønskjer å delta.

Blir ikkje korpsmusikk

Tradisjonelt har Breim skulekorps spelt til defileringa før stafetten. I år kan ikkje korpset stille, noko arrangørane synest er trasig.

– Korpset har vore til god hjelp i arbeidet med å finne alternative løysingar, og no har vi fått tak i stortromme og skarptromme. Det vert likevel spesielt ikkje å ha korps. Dette viser at vi ikkje set stor nok pris på skulekorpsa før dei ikkje er der. Korpsmusikken under defileringa har vore litt av sjarmen med stafetten. Korpsa har vanskeleg for å rekruttere, og denne gongen kan dei ikkje stille, fortel Gangeskar.

Stor dugnadsinnsats

– Det er lett å tenkje at ein stafett er enkel å organisere, og ein røynd gjeng står bak arrangementet. Likevel krevst det svært mange i aksjon for å avvikle Breimstafetten. Rundt 100 personar stiller på dugnad i samband med denne. Mange oppgåver skal fordelast, både i samband med kiosk, billett, bane, og mykje anna, seier han.

Gangeskar fortel at det stort sett går greitt å få folk til å stille på dugnad, men dei merkar det vert litt og litt tyngre frå år til år. Likevel er det på ingen måte kritisk enno. Historisk sett ser han ein kontinuitet innan ansvarsområde, og det vert enklare og raskare å gjennomføre oppgåvene når mange har gjort det same tidlegare.

– Med unntak av hovudkomiteen, er det ingen langvarig dugnad. Likevel er det imponerande at så mange stiller på ein søndag, slår han fast.

Spente på vêret

– Vêret er vi spente på, men det får vi diverre ikkje gjort noko med. Vi kjem til å opne gymsalen, slik at deltakarane kan varme seg der i ventetida. Dårleg vêr kan bli ei utfordring for publikum, men samstundes greidde vi å arrangere NM ei heil helg i endå verre vêr. Då må vi greie nokre timar stafett òg.

Bjarte Gangeskar ser helst føre seg sol og blå himmel søndag, men stafett er ein utandørsaktivitet uansett korleis vêret blir.

– Eg oppmodar publikum til å kle godt på seg, då går det nok bra. Vi har nok alle godt av å oppleve litt vêr, smiler leiaren i Breimsbygda idrettslag.