Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gler seg til den store folkefesten

Elise Årdal (f.v.), Knut Roger Nesdal og Birte Fossheim håpar mange tek turen til kommunesenteret komande helg.

Gler seg til den store folkefesten

– Vi ser fram til den store landsbyfesten som Sandane-dagane er. Komande helg brakar det laust med tivoli, aktivitetar og gode tilbod i butikkane. Vi byr også på fin underhaldning frå scena framfor Gloppen heradshus, seier Elise Årdal, Knut Roger Nesdal og Birte Fossheim.

Dei er med i arrangørkomiteen i lag med leiar Ingvild Hestenes, Olin Johanne Henden og Martin Hamre.

Samarbeider med Glopperock

– Sandane-dagane blir skipa til for 41. gong, og det er Årets gloppar 2018 – Kristine Ryssdalsnes Horvli – som vil stå for den offisielle opninga fredag. Men allereie torsdag ettermiddag opnar Skandinavisk Tivolipark på Sandane, fortel dei.

Sandane-dagane samarbeider i år med Glopperock, som inviterer til familiekonsert i kultursalen torsdag kveld med Vidar Villa, Oselie Henden og Kristianne Engelbrektson. Fredag skipar Gloppen Musikkforum til konsert med Line Dybedal og Kari Bremnes med band i kultursalen.

Arrangementet er bygd opp over same lest som før, med lunsj- og dessertbord, loppemarknad, besøk av Eliasbåten og brannbilar, veteranbilløp, ansiktsmåling, og rundturar med Airlift.

– Vi gjer likevel eit par endringar. I og med at tivoliet er tilbake, flyttar vi matteltet til vegarealet mellom sparebanken og skateparken. Matteltet sto på vestsida av Firdatun i fjor. Vi flyttar også litt på scena for å gjere Heradsplassen endå meir open. Scena blir plassert framfor inngangspartiet til heradshuset, forklarer Knut Roger Nesdal.

Mange lokale aktørar

Birte Fossheim har ansvaret for det som skjer av underhaldning på scena.

– Eg tykkjer vi har fått veldig mange spennande lokale aktørar med i år. Torbjørn Gran og Øystein Eckhoff får vi oppleve på scena laurdag. Dei vil gjerne ha publikum med på allsong, og her håpar vi publikum stiller sporty opp og syng med. Steinar Engelbrektson og Rosebandet underheld frå scena søndag ettermiddag. Også dei ønskjer engasjement frå publikum. Vi må tore å slå oss litt lause, seier ho.

Elles kan publikum glede seg til å få høyre både Grannelaget, Bald Bros, Gloppen kulturskule, Elektronikakompaniet og Austrheim Mannskor.

– Det er val i september, og dermed blir det også politisk debatt under Sandane-dagane laurdag leia av Arvid Andenæs. Alle listetoppane stiller opp på denne debatten, peikar Nesdal på.

Barneframsyning

I fjor sto Spenst bak tevlinga Mesternes Mester ved gjestebryggja på Sandane. Det var eit populært innslag.

– I år er konkurransen flytta til Øvregata, for å gjere det heile litt meir publikumsvenleg. Det var ikkje like enkelt for alle å sjå og følgje med på det som skjedde i fjor. Vi er svært glade for at Spenst vil arrangere Mesternes Mester i år også, seier Fossheim.

Vibeke Oskal, som er dramalærar på Firda, har laga barneframsyninga «Noko på hjartet» til Sandane-dagane.

– Det blir veldig spennande. Eg gler meg stort til denne. Framsyninga handlar om å våge å vere akkurat slik ein er. Ho snakkar til dei minste, men bodskapen gjeld i aller høgste grad oss som er eldre også, seier Birte Fossheim, og legg til at det blir éi framsyning i Sandane Senter laurdag og éi på søndag.

Ein møteplass

– Kva gler de dykk mest til under Sandane-dagane?

– Det å oppleve folkehavet og den positive stemninga. Sandane blir ein møteplass for både innbyggjarar og tilreisande, og vi håpar arrangementet vil vere med på å helse nye elevar på Firda velkomne til Gloppen. Sandane-dagane er med på å krydre kvardagen og gjere denne rikare for folk, smiler arrangørane.

Det er laga ei eiga avis om Sandane-dagane. I programoversikten er det to postar som utgår: auksjonen ved Gloppen Bygdekvinnelag og underhaldninga med Bald Bros søndag.

Les messeavisa her:

her kan du lese messeavisa.