Heim   >   Nyhende   >   Gledar seg til Sparebankleikane

Cecilie Tveit (t.v.) og Else Mari Nyheim.

Gledar seg til Sparebankleikane

– Eg synest høgde er kjekkast, seier Cecilie Tveit, medan Else Mari Nyheim likar både høgde, lengde og 60 meter.

Til liks med svært mange andre, skal dei to tolvåringane frå Vereide vere med på Sparebankleikane i friidrett på Byrkjelo stadion til helga.

– Eg meiner dei første Sparebankleikane vart arrangerte i 1980. Sidan har det vore stemne kvart år, med eitt unnatak, fortel primus motor Dagfinn Nyhammer.

Han har spelt ei viktig rolle i arrangementet heilt sidan starten. Gloppen Friidrettslag står som formell arrangør, men klubben har god hjelp frå friidrettsgruppene i dei andre idrettslaga i kommunen.

Les meir i papirutgåva onsdag.