Home   >   Nyhende   >   Gjekk seg ville

Redningsaksjon med helikopter. (Illustrasjonsfoto)

Gjekk seg ville

To personar måtte hentast ned med SeaKing-helikopter frå Vikanipa sør for Eikefjord fredag kveld.

Dei to hadde hadde gått seg ville og fann ikkje ein veg ned til folk. Frivillige redningsmannskap vart først kalla ut, men til slitt var dei lokalisert av eit SeaKing-helikopter og frakta ned.

Elleve førarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll Utrykkingspolitiet heldt på rv5, forbi Tonheim vest for  Eikefjord fredag ettermiddag. Høgst fart i 80-sona vart målt til 95 km/t.

Litt før klokka fire fredag ettermiddag fekk politiet melding om at det var observert to syklistar utan lys i Naustdalstunnelen. Politiet køyrde ut og gjennom tunnelen utan å sjå nokon syklistar.