Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gjekk Noreg på tvers saman

– Det var spesielt kjekt å gå i lag med den eldste sonen min, Magnus, smiler Ingvill Hestenes.

Gjekk Noreg på tvers saman

– Det var ein fantastisk tur, seier Ingvill Hestenes frå Hestenesøyra. Nyleg gjekk ho Noreg på tvers langs 63 grader nord i lag med sonen Magnus. Dei brukte seks dagar på den vel 120 kilometer lange strekninga frå Stjørdal i Trøndelag til svenskegrensa.

Dei starta på turen tysdag 9. juli og kom i mål søndag 14. juli.

Frå hytte til hytte

– Ein kan gå Noreg på tvers mange stader, men denne ruta heiter Sylan Expedition. Ruta er lagt opp av turistforeininga, og går frå fjorden i Stjørdal til svenskegrensa i Tydal, fortel Ingvill Hestenes.

Korleis ein legg opp turen, vel ein sjølv. Ein kan også gå motsett veg.

– Det er tre betente og tre sjølvbetente hytter langs ruta. Mange som går turen kjøper eit ekspedisjonspass, og det gjev fri tilgang til kost og losji på desse hyttene. Du må også ha dette passet for å kunne bli registrert på den offisielle «Norge på tvers»-lista. På dei betente hyttene fekk vi servert tre retters middag, og dei hadde heimlaga brød. Det var fantastisk. Hyttene har både dobbeltrom og sovesalar, og det er svært sosialt å vere der. Magnus og eg hoppa over ei av dei sjølvbetente hyttene og gjekk rett til ei av dei betente i starten, forklarer ho.

Ein del myr i starten

Magnus Fagerås er 14 år, og det var han som hadde lyst til å gå Noreg på tvers.

– For to år sidan melde vi oss inn i turistforeininga, og då såg vi på ein del turar. Ein av turane Magnus hadde mest lyst til å ta var nettopp denne. Det er ein tur som tek litt tid, og han krev noko organisering med tanke på at ein skal kome seg fram og tilbake. I fjor sommar fekk vi det ikkje til, men i år slo vi til, fortel Hestenes.

På førehand følgde dei med på vêrmeldingane for å finne ein eigna godvêrsperiode.

– Dei første fem mila er det svært mykje myr. Vi gjekk turen etter ein nedbørsperiode, og hadde myr opp til knea i nesten 15 kilometer. Det var ganske krevjande med 15-20 kilo på ryggen. Det blir tilrådd ikkje å pakke med seg meir enn om lag 15 kilo. I sekken hadde vi lakenpose og kle for ei veke. Når ein går i fjellet, kan vêret skifte ganske raskt. Det må ein vere budd på. Vi slapp å bere med oss telt, sovepose og mat. Også dei sjølvbetente hyttene har gode matlager, seier ho.

– Tok pusten frå oss

– Korleis vil du beskrive denne turen?

– Kontrasten mellom tunge myrområda og fjellområda på over tusen meters høgde var flott å oppleve. Fjella på Vestlandet er noko brattare. På denne turen fekk vi oppleve avrunda fjellområde og breie dalar, og naturlandskapet var fantastisk å gå i. Fjellmassivet Sylan var ei stor oppleving. Nokre av etappane tok pusten frå oss. Det var mykje flott å sjå, understrekar ho.

Både ho og sonen var godt trena for ein slik tur.

– Vi hadde nok eit godt utgangspunkt. Sjølv om turen har ein del tunge parti, er det heile svært godt tilrettelagt. Vi vil absolutt rå andre til å ta turen, seier Hestenes, og legg til at dei møtte nokre pensjonistar som hadde planar om å bruke tolv dagar på ruta.

– Pensjonistane tok seg gode pausar på hyttene som var betente. Eg vil seie at dette er ein overkomeleg tur for svært mange, seier glopparen, som for tida er busett i Oslo i lag med familien.

– På svenskegrensa er der ikkje mobildekning. Når målet er nådd, må ein gå nesten to mil tilbake for å finne ein busstasjon. Vi tok buss tilbake til Stjørdal der vi hadde sett frå oss bilen, forklarer ho.

Etter turen vil dei no sende inn utfylt ekspedisjonspass til Trondhjems Turistforening. Då vil dei bli registrerte på www.norgepaatvers.no og få tilsendt premiering – ein turkopp og ei t-skjorte.