Tidlegare leiar Hilde Horpen og den nye leiaren i Sogn og Fjordane Senterungdom, Sander Solheim.

- Gje oss framtidsfylket tilbake

Sander Solheim frå Eikefjorden blei i helga vald til ny leiar for Sogn og Fjordane Senterungdom.

Ei av Sander sine viktigaste saker å jobbe med framover er kampen for Sogn og Fjordane som eige fylke, skriv Senterpartiet Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Saman med resten av årsmøtet i Senterungdommen, er Sander klar i si tale; Vestland må opphevast, gje oss framtidsfylket Sogn og Fjordane tilbake!

- Tanken bak regionreforma var ei heilskapleg nasjonal reform. Ved å justere alle fylkeskommunar til større organ, skulle resultatet verte større einingar som kunne tildelast større oppgåver. På nyåret kom resultatet. Fylkeskartet har om noko vorte skeivare, og grunnlaget for å overføre oppgåver følgjeleg dårlegare, seier Solheim.

- Sjølv om fylkeskommunar er slått saman, er det framleis dei gamle fylkesgrensene som gjeld som valdistrikt. Også i 2021 vil folk i Sogn og Fjordane og Hordaland velje folkevalde til Stortinget kvar for seg. Dette er eit av mange eksempel på at reforma er hastverksarbeid og dårleg gjennomtenkt, held han fram.

Signala frå dei politiske partia på Stortinget tilseier at det er svært usannsynleg at det vert fleirtal for å endre valdistrikt dei komande åra. Samstundes tilseier signala frå Stortinget at det er mogleg å få eit nytt fleirtal som er villig til å reversere fylkessamanslåingar der det er lokale ønske om det etter 2021. Sogn og Fjordane Senterungdom og den nye leiaren  meiner Sogn og Fjordane bør gjenopprettast som eige fylke og at fylkestinget i Vestland må handsame samanslåingsspørsmålet på nytt, dersom eit nytt Stortingsfleirtal opnar opp for reversering.

- Samanslåingsvedtaket til Sogn og Fjordane fylkesting blei fatta på hittil ikkje-innfridde premiss. Det blei lagt til grunn at stortingsfleirtalet skulle innfri eigne løfte om ei reell regionreform og reell oppgåveoverføring. Dette har ikkje skjedd. Dersom det vert politisk rom for å ta opp igjen regionreform-saka, bør Sogn og Fjordane vere tydeleg på primærstandpunktet om å halde fram som eige fylke. Folket er blitt lurte i denne saka, og det må vi aldri finne på å akseptere. Eg ser fram til å være ein del av laget som skal ta denne kampen, seier Sander Solheim med stor motivasjon.