Jenny Flølo Kleppe.

Gje oss ei klasse til ved Firda vgs

Lesarinnlegg: 

Kjære politikar i Utval for opplæring og kompetanse i Vestland fylke.


 


Tysdag håpar vi at de tek omsyn til dei svært gode søkjartala som Firda vgs har for det komande skuleår. Det er totalt 367 søkjarar som har Firda vgs som sitt fyrsteval, men slik opplæringstilbodet ligg føre i dag, har ein berre plass til 313. Skulen har god kapasitet til å ta fleire elevar, og ved å opprette ei ny klasse med elevar frå studiespesialisering og idrett vil 26 elevar som har Firda som fyrsteval få sitt primærynske oppfylt. Dersom ein ikkje får ei ekstra klasse, må desse 26 reise vekk frå kommunen for å få skuletilbod.


 


Dette handlar om den enkelte elev. Det er desse enkeltelevane vi så inderleg kjempar for no. Vi har alle sjølve vore eller er elevar i vgs og veit kva det har betydd og betyr at vi fekk eller ikkje fekk vårt fyrsteval oppfylt. Som vi alle veit er det heilt avgjerande for grad av gjennomføring, og det handlar rett og slett om vi lukkast og trivst i livet eller ikkje. Så mykje kan ein skuleplass bety. 



Skulen sjølv viser til at det ikkje er snakk om ein stor økonomisk auke for å få dette til, då dei allerede sit med ressursane og kompetansen til ei ekstra klasse. 


 


På tysdag 02.06 må de opprette ei ekstra klasse på Firda vgs.!


 


Helsing Gloppen senterungdom


v/leiar Jenny Flølo Kleppe