Gloppen viste speleglede i Trivselshallen. Her ser vi Benedicte Kvellestad i aksjon.

GHK møtte Førde 2

Damene frå Gloppen toppar tabellen, og  møtte  tabellbotn Førde 2  i Trivselshallen laurdag.


Det gjekk nærast som det måtte gå, og GHK fekk vist seg fram i Trivselshallen mot eit Førde 2 som ikkje fekk det heilt til. Det var tydeleg å sjå at Gloppen stilte med eit heilt anna tempo enn gjestane. Førde 2 hadde til tider eit noko upresist angrepsspel, som opna opp for kjappe og underhaldande kontringar frå vertane. Når GHK i tillegg har to dyktige keeparar i mål, var det vanskeleg for Førde 2 å trenge igjennom.

Det sto 17 – 10 til pause, og når klokka ringde etter andre omgang hadde damene frå Gloppen nesten dobla, og kampen enda 33 – 14.

Oppmann for laget, og mannen som har trena jentene fram til seniornivå, Jørn Lothe, var dagens lagleiar. Både hovudtrenar og assistenttrenar var på reise.

– Vi har bra kontroll tidleg i kampen, og hadde stor stall i dag, der vi lar alle få spele mykje, og det fungerer veldig bra. Dei fekk sjansen til å vise det dei har trena på, og både  trekk og kombinasjonar fungerer slik det skal, seier ein fornøgd lagleiar.