Home   >   Nyhende   >   GHK klatra til topps på tabellen

Ørjan Sundal scora ni mål mot Stord 2. Arkivfoto.

GHK klatra til topps på tabellen

GHK-herrane slo Stord 2 36-23 i Firdahallen laurdag ettermiddag. 

Stillinga ved pause var 22-13.

Ørjan Sundal (9) og Runar Gåsemyr (8) var mestscorande for heimelaget.

Sigeren fører til at GHK klatrar forbi Viking 2 og inntek tabelltoppen i 3. divisjon. GHK har 24 poeng mot Viking 2 sine 23. Begge laga har spelt 14 kampar. Neste helg møtest dei til det som fort kan bli ein rein opprykksfinale. Den kampen går i Bergen.