Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   GHK-herrane møter Sotra 2

Kjell Runar Horvli i aksjon.

GHK-herrane møter Sotra 2

Herrelaget til GHK i tredje divisjon skal i aksjon i Trivselshallen i morgon, laurdag. Då møter laget Sotra 2.

Det bør vere ei overkomeleg oppgåve. Gjestane ligg på siste plass på tabellen med berre fire poeng etter ni spelte kampar.

GHK har plassert seg om lag midt på tabellen. Laget ligg på sjetteplass med 13 poeng og positiv målskilnad. To poeng i morgon vil løfte laget oppover på tabellen.