Kjell Runar Horvli i aksjon.

GHK-herrane møter Os

Gloppen Handballklubb sitt herrelag får vitjing av Os i Trivselshallen søndag.

Glopparane har hatt ei ujamn sesongopning med to sigrar, to tap og éin uavgjort kamp.

Det same kan ein seie om Os som står med to sigrar, éin uavgjort og eitt tap.

Det er berre ein dryg månad sidan laga møttest i Os Idrettshall. Då vann heimelaget 29-26. Vi tippar mannskapet til Kjell Aske er revansjesuge og fiksar siger i denne kampen.

Vanskeleg for damelaget

Det unge damelaget til GHK står overfor to svært vanskelege oppgåver i Bergen denne helga.

Laurdag er BSI motstandar i Fantoft Idrettshall. BSI har vunne to av tre kampar så langt, medan glopparane står med fire strake tap. Heimelaget blir klar favoritt i denne kampen.

Søndag ventar NHHI i Lehmkuhlhallen. Studentlaget har sikra seg åtte poeng på dei seks første kampane, og har nok tenkt å ta poeng nummer ni og ti i denne kampen. Det er vi redde for at dei klarer.