Illustrasjonsfoto.

Generalforsamlinga i SFE sa nei

Generalforsamlinga i SFE har i dag sagt nei til å etablere Vestlandskraft saman med BKK og Hydro.

Dette opplyser selskapet i ei pressemelding.

- Sidan våren 2017 har SFE saman med BKK og Hydro utgreidd eit felles kraftproduksjonsselskap på Vestlandet, med arbeidsnamnet Vestlandskraft. På ei ekstraordinær generalforsamling i dag, fredag 12. oktober, har eigarane i SFE vedteke å trekkje seg frå drøftingane om Vestlandskraft. 8 av 9 eigarar stemte for SFE-styret si innstilling om å avslutte prosessen. Vedtaket vart gjort mot BKK sine stemmer, heiter det i pressemeldinga.

– Dette vart rett og slett ei for dårleg løysing for oss, og ulempene vart større enn fordelane, seier  fylkesordførar Jenny Følling som såg at fylkeskommunen ville gå frå å vere ein stor eigar i SFE til å bli ein liten i det nye selskapet.
– Slik dette var lagt opp, ville Hydro ha store fordelar, det same ville BKK. For vår del ville det bli motsett, og skulle det vere aktuelt med eit slikt selskap, måtte alle hatt fordelar av det. Slik var det ikkje i dette tilfellet og dermed måtte vi gå i mot.
– Er det dårleg stemning mellom fylkeskommunen og BKK no?
– Nei det vil eg ikkje seie. Dette handlar om forretningstekniske ting som vi har ulikt syn på, men generelt så er klimaet mellom oss godt når det gjeld å drive forretning, avsluttar Jenny Følling som er glad for at to krevjande prosessar er komne til endes.