Heim   >   Nyhende   >   Geitebønder ut mot Tine

Geiter i Kandal. Arkivfoto.

Geitebønder ut mot Tine

Ingen av dei nye produkta til Tine er laga av geitemjølk, noko som får geitebøndene til å reagere.

Under årsmøtet til Tine reagerte fleire av geitebøndene på at ingen av dei nye produkta til Tine er laga på geitemjølk, skriv Nationen.

– Det var fortvilande å sjå at det ikkje var nokon nye produkt av geitemjølk. Kanskje må vi tenkje meir nytt rundt kva marknaden vil ha, seier bonde Hege Gonsholt til avisa.

Ho meiner det er fleire produkt der kumjølk kunne blitt erstatta med geitemjølk. Fleire bønder uttalte at dei ønskte større satsing på geitemjølk. Avtroppande styreleiar Trond Reierstad i Tine fortalde at han sjølv meiner det er for dårleg at ingen av dei nye produkta er basert på geitemjølk.

Før nyttår senka Tine prisen på kva dei er villige til å betale for geitemjølk. Prisen er no nede på 4,39 kroner, likt med kumjølk.

Konsernsjef Gunnar Hovland fortalde at det vil bli jobba med utviklinga av produkt av geitemjølk i tida som kjem. (©NPK)