Heim   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Gav Sogn og Fjordane eit verdig farvel

Sigrid Moldestad, Finn Tokvam, Olav Stedje, Vilde og Anna, Eivind Vilnes og Tone Damli lót publikum ta eit godt farvell med Sogn og Fjordane.

Gav Sogn og Fjordane eit verdig farvel

Med ein fullsett Kultursal torsdag kveld fekk Sogn og Fjordane ein svært verdig avskjed. Gjennom flotte ord i ei humoristisk tone, og kjende melodiar tok artistane publikum med storm.

Opningskonserten var den siste for Norsk Countrytreff i Sogn og Fjordane som eige fylke, og vart tidleg utseld. Programmet for kvelden var godt tilpassa tittelen «Farewell Sogn og Fjordane».

– Det var eit paradis

Konserten vart opna med filmklipp der samfylkingar fortalde kva dei tykkjer om det nye Vestland. Dei var alle samde i at det kjennest rart, men at dei alltid vil kome frå Sogn og Fjordane, det er ein del av identiteten deira. Dei vart så spurde om kva ein skal forklare etterkomarane at Sogn og Fjordane var:

– Det var livet. Det var eit paradis, skal du vite, laud eitt av svara på spørsmålet.

Både scena og salen bar preg av ei stoltheitskjensle over det som har vore, og det vi har fått til i fylket. Dette var Norsk Countrytreff sin 25. opningskonsert, og arrangørane vart rosa stort for den verdiskapinga dei har fått til i Breim.

Samansett gruppe

På scena leia Sigrid Moldestad og Finn Tokvam programmet, og fekk musikalsk hjelp av Tone Damli, Vilde og Anna, Olav Stedje og Eivind Vilnes. Husbandet blei godt leia av Inge Ronny Kvåle. Dei baud på personlege forteljingar, mimring og musikalske favorittar, alt med country i grunnen.

– Det har vore intenst og utfordrande, men veldig kjekt å jobbe med konserten. Det er luksus å få lov til å setje saman ein slik konsert, og med dei ressursane både musikalsk og artistmessig er det ei glede. Eg har vore litt spent, det skal seiast, men no er eg kjempeletta og tykkjer vi har fungert bra og hatt god stemning, fortel Sigrid Moldestad.

 

Les meir om «Farewell Sogn og Fjordane» i papirutgåva tysdag.