Home   >   Nyhende   >   Gammalt skipsverft freda på Nordmøre

Mellemværftet har vore ei viktig brikke i vedlikehald av fiskefartøy. Foto: Arve Kjersheim/Riksantikvaren.

Gammalt skipsverft freda på Nordmøre

Det tradisjonsrike Mellemværftet i Kristiansund har vore i kontinuerleg drift sidan 1800-talet og vert no freda av Riksantikvaren.

– Mellemværftet er eit levande teknisk kulturminne av nasjonal verdi. Verkstaden er i bruk av Nordmøre museum og Mellemværftet Fartøyvernforening, og Mellemværftet er dermed eitt av dei få verfta for treskip som framleis er i drift, seier riksantikvar Jørn Holme.

Med fredinga av Mellemværftet får fredingslista eit naudsynt supplement av maritime kulturminne, ein kulturminnekategori som framleis er mangelfullt representert blant det som er freda her i landet.

Skipsverftet ligg på vestsida av Vågen, det indre hamneområdet i Kristiansund, og vart anlagt om lag midt på 1800-talet. Området som verftet ligg på, er i eldre kjelder omtalt som oppsettingsstad for jekter. Slike stader skal det ha vore få av i Kristiansundsområdet, og dei var ettertrakta. Det var drift på verftet i heile perioden frå start og til nedlegginga i 1987. I dag er verftet i musealt eige og drift.

Mellemværftet har vore ei viktig brikke i vedlikehald av fiskefartøy og leverte produkt og tenester ikkje berre til skipsfarten, men også til industrien og handverket. Fleire av eksisterande jakter og galeasar har vore innom Mellemværftet til vedlikehald eller reparasjon. (©NPK)