Laurdag er det open dag ved den gamle ullvarefabrikken i Innvik. Dei siste åra er det lagt ned eit stort arbeid for å ta vare på den særmerkte trebygningen, mellom anna er tre sider måla opp att.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk - kulturminne i særklasse

31. august ønskjer Stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk, saman med Fortidsminneforeininga, Sogn og Fjordane avdeling og Stryn Historielag velkomen til open dag på fabrikken i Innvik.

Styreleiar i stiftinga, Per Ove Reme, poengterer at industri-kulturminnet er av dei største i landet, fordelt på tre etasjar utgjer golvarealet nær 3000 kvadratmeter!

Stor innsats 

– Det har vore lagt ned stor innsats gjennom mange år for å ta vare på denne «industrikatedralen». Dei siste to åra har vi fått måla oppatt bygningen på tre sider, vindauge er kitta, naudsynte takreparasjonar er tekne, og ein har fått på plass eit heilt nytt anretningskjøken, fortel Reme.

Det har vore mange opp- og nedturar for framtida til bygningen opp gjennom åra, men anlegget har etter kvart fått ein solid status som kulturminne og industrimonument i bygda.

– Lat oss minnast dei framtøkne grunnleggarane Wald P. Skåden og Andreas Svarstad som vågde å setje i gang dette industrieventyret i bygda på slutten av 1800-talet, framhevar Reme.

Lokala blir i dag nytta til kulturarrangement av ulike slag, bryllaup m.m. Det er eit føreståande jubileum i 2020. Der ønskjer ein å markere historia med eit stort jubileumsspel i august neste år, sidan det er 130 år sidan bedrifta vart grunnlagt. Verksemda lever vidare i beste velgåande på den andre sida av Storelva, gjennom Innvik A/S.

Variert program

Allereie komande laurdag kjem første sjanse til å ta den særprega trebygningen nærare i augesyn.

– Vi prøver å få til ein rikhaldig aktivitetsdag på gamlefabrikken. Christine Frønsdal vil stå for opninga. Frønsdal er hovudstyremedlem i Fortidsminneforeininga. Ove Losnegård frå Fjaler vil demonstrere istandsetjing av gamle vindauge, der han både syner teknikkar og fortel om kva kvalitet dei gamle vindauga hadde. Jon Tamnes vil òg vere til stades og orientere om Fortidsminneforeininga, fortel Per Ove Reme.

Det blir også andre interessante aktivitetar.

Ei bygdevandring startar ved fabrikken, og i løpet av halvannan time er ein innom mange historiske stader i Innvik. Veving på eldre vevstolar, demonstrasjon av gammal ruemaskin, orientering om anna teknisk utstyr på fabrikken og presentasjon av det nye anretningskjøkenet blir det også.

Det må òg nemnast at det er kafédrift i lokala.

Dagen vert avslutta om ettermiddagen med ettermiddagskonsert med Linda Gytri, som sikkert vil setje programmet sitt inn i ein kulturhistorisk samanheng.