Monica Røsandhaug Grov.

Fysioterapi og driftstilskot

Lesarinnlegg av Monica Grov, leiar i helse- og omsorgsutvalet:



Som nyvald leiar for helse- og omsorgsutvalet har det politiske arbeidet blitt sterkt prega av saka knytt til Firda fysikalsk-medisinsk senter (FFMS) sin søknad og krav om auka driftstilskot.

Alle politikarar i Gloppen har fått mange e-postar frå pasientar som nyttar seg av FFMS sitt tilbod til nakkeslengpasientar. E-postane er ein tydeleg koordinert aksjon som munnar ut i krav om at lokalpolitikarane skal imøtekome søknaden om ei monaleg auke i driftstilskotet.

Allereie her blir saka unødig vanskeleggjort. Helsesektoren i Gloppen har ikkje noko økonomisk ansvar for den delen av FFMS sin aktivitet som gjeld nakkeslengpasientar.

Må tenkje heilskap

Gloppen kommune har eit ansvar for å gje nødvendig og forsvarlege helsetenester til kommunen sine born og unge, samt bebuarane på institusjonane våre. I tillegg kan òg yrkesaktive som treng fysioterapitenester ta kontakt med dei kommunale fysioterapeutane og få behandling. Viss dei kommunale fysioterapeutane ikkje har nok kapasitet til å tilby fysioterapitenester, vil kommunen kunne inngå ei driftsavtale med private fysioterapeutar for å kjøpe tenester.

Eg har ikkje fått e-postar frå denne gruppa, altså dei yrkesaktive innbyggjarane i Gloppen, men aksjonar og markeringar den siste tida viser likevel at det er eit sterkt lokalt engasjement for FFMS. Så i framtida kan vi kanskje vente oss e-postar også frå dei som vi har eit ansvar for? Det står att å sjå.

Det er viktig at vi politikarar syter for ei heilskapstenking og forsvarleg forvaltning som står seg i framtida, uavhengig av press frå taleføre grupper. Det vil være svært uheldig om kommunestyret gjer vedtak som ikkje let seg gjennomføre eller som får veldig uheldige konsekvensar for FFMS, ei bedrift som vi sjølvsagt ønskjer alt vel. Det handlar om å føre ein ansvarleg helsepolitikk for Gloppen.

Det er eit komplisert og fragmentert regelverk som gjeld for tildeling av driftstilskot til private fysioterapeutar, og det vert stilt strenge krav til kommunen si sakshandsaming. Det er nedfelt i lov og forskrift at dersom kommunen ikkje har tilstrekkeleg med kommunalt tilsette fysioterapeutar, kan kommunen inngå avtalar (driftsavtale) med sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeutar.

Når kommunen ser at det er behov for å kjøpe tenester av ein privat aktør for å stette kommunen sitt ansvar, må kommunen vurdere kor mykje ein skal kjøpe. Det må også takast med i vurderinga om kommunen skal justere opp eksisterande deltidsheimlar eller lyse ut driftstilskot eksternt for at andre fysioterapeutar skal kunne søkje.

Ikkje mindre enn 50 % 

Driftstilskotet er ein sum som blir framforhandla mellom Kommunens Sentralforbund (KS) og Helse- og omsorgsdepartementet som den eine parten og Norsk Fysioterapiforbund (NFF), Norsk Manuellterapiforbund (NMF) og Private Fysioterapiforbund (PFF) som den andre parten. Det er viktig å merke seg at eit driftstilskot ikkje er ein eingongssum frå kommunen, men pengar som vil bli utbetalt til avtalen blir endra eller sagt opp.

Driftstilskotet kan ikkje vere mindre enn 50 % av eit fullt driftstilskot, og storleiken på driftstilskotet skal vere i samsvar med det omfanget fysioterapeuten skal utføre av arbeid for kommunen. Får du 100 % driftstilskot, er det altså eit krav at du skal arbeide i 100 % stilling med kommunen sine pasientar.

Fysioterapeutar som har 50 % eller meir driftstilskot frå kommunar, får oppgjersavtale med Helfo (staten). Dette betyr at behandlaren sender inn eit takstoppgjer og får utbetaling frå staten. Når kommunen har inngått ein avtale med fysioterapeuten, og behandlaren har fått ein oppgjersavtale med staten, vil pasientane berre trenge å betale eigendel opp til frikort tak II.

Ein må ha i mente alle lover og forskrifter som regulerer og har direkte innverknad på avtalane mellom stat, kommune og dei private fysioterapeutane. Mellom anna:


  • Folketrygdlova § 5-8, Takstforskrifta

  • Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

  • Arbeidsmiljølova, for regulering av arbeidstidsbestemmelsar

  • Kommunal helse og omsorgstenestelov


Søknaden frå Firda fysmed

Då Bertel Rune Kaale sende søknad på vegner av FFMS, søkte han om ein auke på 200 % driftstilskot. Søknaden eller kravet var blant anna grunngjeve med høgt arbeidspress, urettferdig fordeling av kommunale driftstilskot og eit ønske om å utvikle vidare fagkompetanse innanfor nakkepasientane.

Som leiar i H&OU trur eg at eg kan snakke på vegner av heile utvalet og seie oss einig i at eit 100 % driftstilskot fordelt på tre behandlarar er urimeleg. Så har det vore ei viss usemje mellom partia om kva nivå driftstilskotet skal leggjast på.

Forsvarleg behandling

Det er regulert i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester kva nødvendige helsetenester kommunen er plikta å tilby, og at pasientsikkerheita er ivareteken og at behandlinga som vert gjeven er fagleg forsvarleg. Med forsvarleg føreset det at fysioterapeuten held seg til anerkjende og utprøvde metodar. Behandlingsformer som ligg innanfor fysioterapifaget i Norge er blautvevsbehandling, massasje, mobilisering, elektroterapi fraksjonsbehandling, manuell terapi m.fl. I tillegg kan nåler nyttas, og anna verktøy i samband med triggerpunktbehandling og elektroterapi.

Deler av behandlinga som FFMS er mest kjent for – nakkeslengbehandling – er ikkje innanfor godkjent behandlingsform i Norge. Gloppen kommune (eller andre kommunar) kan derfor ikkje tildele driftstilskot til denne delen av drifta. Det er slik at når kommunen må kjøpe tenester frå private aktørar, har kommunen eit ansvar for å sikre at tenesteleverandørane leverer innanfor gjeldande lov- og regelverk. Det betyr likevel ikkje at vi meiner at deler at behandlingsmetoden til FFMS er uforsvarleg, meininga her er å presisere kva driftstilskotet faktisk kan dekke.

Kommunen sine behov for å kjøpe private tenester

Av saksutgreiinga går det fram at Gloppen kommune har den høgaste dekninga av fysioterapitenester i Nordfjord med 5,2 kommunalt tilsett fysioterapeutar og 2 private driftstilskot. Samtidig vert det oppgjeve at det er ventetider opp mot 6 månader. Når alle 4 privatpraktiserande fysioterapeutar jobbar langt over 100 % berre med innbyggjarar frå Gloppen, ja då må det vere lov å spørje seg om vi faktisk nyttar resursane vår rett.

Ap, Sp og MDG si tilråding frå HOU

Fleirtalet i utvalet gjekk inn for å auke Morten Leirgul og Arne Nesgård sine driftstilskot til 50 %. Det vart gjort av hovudsakleg to grunnar:

1) Sikre inntektsgrunnlaget til behandlarane då endringar i forskrifta no ikkje lenger godtek selskapsavtaler. Det må derfor inngåast individuelle driftsavtalar med minst 50 % tilskot.

2) Sikre innbyggjarane i Gloppen eit tilstrekkeleg tilbod om nødvendig fysikalsk behandling.

Den andre delen av tilrådinga er tufta på at det er skal gjerast ein kontroll omkring rett bruk av kommunen sine ressursar. Her opnar vi for nye forhandlingar med dei private fysioterapeutane når vi har fått ei oversikt over ressursbruk og tilbod opp mot behovet. Vi ber altså om litt meir tid til å gjere dei rette vala.

Reaksjonar og aksjonar

«No må glopparane vakne, ikkje sitje med hendene i fanget…» oppmodar Laila Bergheim Ommedal, ei av forkjemparane i Støtteaksjonen for FFMS, i ein artikkel på www.firdatidend.no. Eg tolkar det dit hen at det er det politiske miljøet i Gloppen og nærare bestemt Ap, Sp og MDG sine representantar i det kommunale helse- og omsorgsutvalet ho siktar til.

For eit engasjement denne saka har skapt, det er nesten ein pris verdig! Reint personleg skulle eg ønske eit tilsvarande engasjement då helse- og omsorgsutvalet samrøystes gjekk inn for ei tilråding om ikkje å auke den kommunale medfinansieringa til Mona Vekst. Avslaget var tufta på same grunngjevinga om at kommunen ikkje har pengar i budsjettåret 2020. Men, det er klart, brukargruppa som her blir råka er atskilleg mindre, men kanskje meir sårbar. Eg kunne nemnd fleire døme, kutt i miljøarbeidartenesta, kutt i leirskuletilbod til born.

Nåvel, no var det ikkje alle dei andre brukargruppene, pasientar eller Gloppen kommune sine øvrige område som i 2020 vil bli råka av kutt, omstilling og stillingsstopp eg skulle fokusere på. Det var dei +/- 500.000 kronene i driftstilskot som HOU ikkje vil innstille positivt for budsjettåret 2020.

Eg viser her til heile utvalet, for heller ikkje i H og KrF sitt forslag var Kaale sin søknad fullt innfridd. Forskjellen er i all hovudsak at Ap, Sp og MDG sitt forslag er meir ansvarleg sett opp mot kommunen sin aktuelle økonomiske situasjon og det vi veit om det totale tenestetilbodet per i dag.

Saka har skapt reaksjonar både i massemedia, på sosiale media og med støtteaksjon framfor Gloppen heradshus med appellar. Sjølv har eg ikkje motteke invitasjon på Facebook, kanskje av naturlege årsaker. Eg var òg bortreist i helga då aksjonistane samla seg på Heradsplassen og fekk dessverre ikkje med meg kva som vart sagt. Det er litt synd, eg kunne då mellom anna ha fortalt at ein mogeleg konsekvens av å imøtekome 2 fulle driftstilskot til fordeling på tre fysioterapeutar ved FFMS vil vere at behandlarane ikkje får drive med nakkeslengprosjektet innanfor normal arbeidstid. Det som er heilt klart er at dei ikkje vil ha anledning til å behandle tilreisande i tida som er innanfor normalarbeidstida.

Så nei, ingen av utvalsrepresentantane frå Ap, Sp eller MDG har sove i timen, og vi seier heller ikkje nei til FFMS på Sandane slik fleire hevdar, inkludert Bertel Rune Kaale. Heller tvert imot!

Investering av innovativ teknologi er ikkje omfatta av reglane for driftstilskot

Bertel Rune Kaale har eit ønske om å utvikle verksemda si vidare ved mellom anna å investere i innovativ nyteknologisk utstyr, og han ivra for dette då han fekk høve til å leggje fram saka si for H&O utvalet.

Det er ingen tvil om at FFMS er ei bedrift som har positive samfunnsøkonomiske verknader for kommunen. Dessverre kan ikkje driftstilskot gå til forsking og utvikling og denne type investering. Det rette er å søkje private eller offentlege nærings- eller innovasjonsfond for finansiering, slik som er tilfelle for andre næringsverksemder. Dessverre har Gloppen kommune få verktøy tilgjengeleg, men dersom kommunen og FFMS set seg ned og drøftar mogelegheitene med det rette utgangspunktet, er det kanskje mogeleg for kommunen å bidra på andre måtar.