Fylkesutvalet går mot kraftskatteutvalet

Kraftskatteutvalet føreslår store endringar i dagens system når det gjeld skattlegging av vasskraftanlegg. Endringane inneber blant anna store reduksjonar i inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Det vil ikkje fylkesutvalet i Sogn og Fjordane ha noko av.

Det var Finansdepartementet som sommaren 2018 sette ned kraftskatteutvalet. Oppdraget var å vurdere skattlegginga av vasskraftanlegg. 30. september i år la utvalet fram ein rapport, der det blant anna føreslår endringar som reduserer den samla inntekta til kommunane i landet med 3,66 mrd. kr og den samla inntekta til fylkeskommunane med 740 mill. kr.

Verknaden for kommunane i Sogn og Fjordane er rekna til 334 mill. kr og for fylkeskommunen til 65 mill. kr.

Dramatisk brot

Både kommunar og energinæring har engasjert seg mot tilrådingane, og 25. november fekk fylkesutvalet saka på bordet i samband med høyringa på rapporten. Fylkesutvalet ber om at tilrådingane frå kraftskatteutvalet vert lagde vekk.

– Tilrådingane i frå kraftskatteutvalet er eit dramatisk brot på den kontrakt vi har hatt mellom stat, kraftutbyggar og vertskommune i meir enn hundre år. Kommunane har stilt sine naturressursar til rådvelde og har difor krav på ei varig og lovbestemt motyting for dei inngrepa som er gjort i naturen, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Heile vedtaket frå fylkesutvalet

 Fylkesutvalet meiner føreliggjande tilrådingar representerer eit dramatisk brot på den samfunnskontrakt vi har hatt mellom stat, kraftutbyggar og vertskommune i meir enn hundre år. Kommunane har stilt sine naturressursar til rådvelde og har difor krav på ei varig og lovbestemt motyting for dei inngrepa som er gjort i naturen.


  1. Fylkesutvalet støttar energibransjen i at det er utforminga av grunnrenteskatten som hindrar gjennomføring av lønsame investeringar i modernisering og utvidingar av gamle kraftverk. Forslaga frå utvalet gjev ikkje insentiv til nye investeringar frå kraftselskapa, heller tvert om. Frå kommunane si side vil det kunne gje grunnlag for lokal motstand mot elles ynskte utbyggingar. 

  2. Fylkesutvalet ser det slik at utvalet sine tilrådingar, slik dei no ligg føre, må leggast bort. I vidare vurderingar av skattlegging av kraftverk må det vere representasjon av dei involverte partane, slik som t.d. energinæring og kraftkommunar/fylker.

  3. Vasskraft gjev større langsiktig verdiskaping for samfunnet og ofte mindre naturinngrep. Fylkeskommunen krev eit skatteregime som stimulerer det som gjev mest samfunnsnytte. Fylkeskommunen meiner det må gjerast endringar i konsesjonslova slik at vindkraft, både til lands og til havs, må avgje konsesjonskraft og på sikt bli underlagd eit skatteregime etter modell frå vasskraft som sikrar fortsatt utbygging og inntekter til felleskapen lokalt. For vindkraft til havs bør skatt og konsesjonskraft gå til fylket som ligg nærast der krafta blir produsert.

  4. Fylkesutvalet viser elles til fylkesrådmannen si saksutgreiing.