Foto: Cornelius Poppe/NTB scanpix/NPK.

Fylkeskamp om høgfjellskule





Ein ny fagskule for fjell- og skiguidar kan hamne på Åndalsnes, i Sogndal eller i Hemsedal. Fylka har opna pengesekkane for å invitere skulen inn.





Denne veka bestemte Møre og Romsdal fylkeskommune seg for å løyve ein halv million kroner til etablering av Norges Høgfjellskole i fylket. Fagskulen skal utdanne fjell- og skiguidar.





– Fantastisk





– Tilsegna er gitt under føresetnad av at Norges Høgfjellskole blir etablert i Møre og Romsdal, fortrinnsvis på Åndalsnes, heiter det i protokollen.





– Det er fantastisk, seier president Leif Inge Magnussen i Nortind til Nynorsk pressekontor.





Han fortel at fagskulen vil kutte kostnadane for elevane som utdannar seg til fjell- og skiguidar. Organisasjonen Nortind vil også prøve å rekruttere yngre folk. Det kan gjere at dei kan stå lenger i jobben som fjellguidar.





Slik det er no, utdannar gjerne folk seg til fjellguidar etter at dei har fullført anna utdanning.





– Dessutan er berre 7 av 90 fjell- og skiguidar kvinner. Eitt av måla med fagskuleutdanninga er derfor å få fleire kvinner til å velje utdanninga, seier Magnussen.





Sterkt ønskt i Møre og Romsdal





Interessa for å bli guidar i fjellet er stort. Den nyoppretta skiguideutdanninga til Nortind fekk over 60 søkarar til ti tilgjengelege plassar. Derfor blei opptaket delt i to, og folk blei fordelte på utdanninga med oppstart i år og neste år.





I Møre og Romsdal er dei klare for å huse den planlagde fagskulen.





– Vi ønskjer at Nortind skal etablere seg på Åndalsnes. Dette vil både styrke byen som tindehovudstad og posisjonen til Norsk Fjellfestival. I tillegg har Norsk Tindesenter mål om å bli eit nasjonalt knutepunkt for kompetanse om bratt friluftsliv. Derfor meiner vi at Norsk Høgfjellskole absolutt bør liggje i Rauma, seier Runar Vestheim, leiar for regional- og næringsutvalet, på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.





Målet er at fagskulen skal utdanne 20 nye skiguidar, 12 til 14 nye fjellguidar og 8 nye bre- og fjellførarar kvart år.





– Etableringa skal bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet, bidra til etablering av Romsdalseggen som nasjonal turiststi med tilgjengelege guideprodukt også på vinterstid, i tillegg til synergiar og ringverknader i det allereie etablerte guidemiljøet i Romsdalen, heiter det i saksframlegget.





Sogn og Fjordane med i kampen





Møre og Romsdal flaggar tydeleg at fylket ønskjer seg fagskulen. Det har Sogn og Fjordane notert seg.





– Det kan likne ei bodrunde det her. Både vi og Møre og Romsdal vil leggje til rette for at ein slik fagskule kan etablerast, seier Jan Heggheim til Nynorsk pressekontor.





Han er fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.





Fylkeskommunen har allereie gitt 150.000 kroner til ein forstudie av fagskulen og ser ikkje vekk frå vidare løyvingar. Heggheim kvir seg derimot for å vere meir konkret og viser til at saka framleis er i prosess.





– Men vi vil leggje til rette med konkurransedyktige rammevilkår, seier han og legg til at det nok ikkje er pengar det handlar om, men andre faglege kriterium.





Eitt av kriteria for plassering av skulen er kor utbreidd fjell- og skiguidemiljøet er på staden. Hemsedal er dermed også ein aktuell stad. Buskerud fylkeskommune skal behandle saka i mars. Det er styret i Nortind som skal bestemme plasseringa av fagskulen og det kan likevel bestemme seg før den tid ettersom Sogndal og Åndalsnes er klare kandidatar. (©NPK)