Heim   >   Fylket   >   Fylke gjer felles front

Fylke gjer felles front

Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, Vestland og KS går saman i kampen for meir pengar til ferjene.

Dei fire fylkeskommunane og organisasjonen til kommunesektoren, KS, lanserer initiativet i Oslo fredag.

Føremålet med den nye ferjeklubben er å koordinere arbeidet opp mot Stortinget og regjeringa for å sikre betre finansiering av ferjetilbodet, forklarer fylkesordførar Tove-Lise Torve i Møre og Romsdal.

– Vi tenkjer som så at vi er sterkare saman enn kvar for oss, seier Torve til NTB.

Ho seier gruppa no har konkrete planar for å påverke sentrale styresmakter fram mot framlegginga av revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i mai.

– Vi har klare forventningar og meiner regjeringa og Stortinget har eit ansvar for å sikre eit godt nok ferjetilbod ute langs kysten, seier ho.

Folk langs kysten har i år opplevd til dels dramatisk vekst i ferjeprisane. Fylkeskommunane og KS gir staten skulda og viser til endringar i den såkalla ferjenøkkelen i inntektssystemet som ein viktig del av forklaringa, saman med store investeringar i nye miljøferjer.

– Vi følgjer lojalt opp krava frå Stortinget og regjeringa om at nye anbod på ferjer og hurtigbåtar skal over på null- og lågutslepp. Det gir oss enorme kostnader, seier Torve.

(©NPK)