Marita Holme vart teken fullstendig på senga då Ingunn Berg frå sparebanken troppa opp med sjekk på 50.000 kroner.

Furorestipend til klarinettist

I samband med jubileumsfesten for skule og kulturdelen av Trivselshagen i kveld, var det også utdeling av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Furorestipend.



Stipendet går til utøverar mellom 15 og 35 år og som har utmerka seg innan kunst, kultur og idrett. Laurdag var det fleire unge musikarar i sving på scena og ein av dei fekk seg ei skikkeleg overrasking på slutten av konserten

Lovande klarinettist

- Vi er ikkje ein kulturkommune på grunn av idrettsstjernene og musikarane våre, men mellom anna på grunn av kulturskulen vår og Firda, sa ordførar Leidulf Gloppestad då han tidlegare på kvelden helsa jubilanten Kultursalen og Trivselshagen med ti-års jubileet.

Ein av dei som imponerte stort under den mektige konserten, var den unge klarinettisten Marita Holme. Ho har bakgrunn både frå kulturskulen og Firda og no spelar ho i eit langtidsvikariat i Sjøforsvarets musikk korps.

Etter at konserten var over, vart alle solistane som hadde vore i sving med Sogn og Fjordane Symfoniorkester kalla inn att på scena. Der dukka Ingunn Berg frå Sparebanken Sogn og Fjordane opp, og ho hadde med seg ein sjekk på 50.000 kroner som skulle gå til ein av årets Furore-vinnarar, og sjekken gjekk til nettopp Marita Holme som vart både glad og overraska.

Visste ingen ting

-Eg vart totalt overraska, sa Holme etter at sjekken var overlevert og applausen hadde stilna.

-Visste du ingen ting om dette?

-Nei det kom totalt overraskande. Eg søkte på stipendet for lenge sidan, men trudde løpet var køyrt, smilte Marita som bur i Bergen og kommande veke skal prøvespele for fast stilling i Sjøforsvarets musikk korps.

-Får eg plass der må eg på rekruttskule og bli skikkeleg soldat, fortalde ho.

Grunnlaget var viktig

-Kva har dette bygget hatt å seie for deg?

- Eg fekk grunnlaget for karrieren min på kulturskulen, men dette bygget har likevel hatt veldig mykje å seie for meg, spesielt i tida eg gjekk på Firda.

-Kva skal du bruke pengane til?

-Eg har nett kjøpt ein klarinett til 100.000 kroner, så pengane kjem vel med, smilte musikaren som allereie har nesten tre år bak seg i eit prestisjetungt orkester som sjøforsvarets Musikk korps og som ikkje var heilt framand for å ta ei aldri så lita feiring etter at Furorestipendet var i boks.