Fullt hus på bLAN

Tradisjonen tru var det også i år bLAN ved inngangen til vinterferien. Datatreffet som er det største og eitt av dei eldste i fylket, held stand og kan til hausten feire 20-års jubileum.





Frå fredag kveld til laurdag morgon heldt dei det gåande dei 200 ungdomane som brukte heile helga på spel, konkurransar og sosialt samvær i Breimshallen.





Sprengd kapasitet
Over alt i huset, i storsalen, i andre etasje på gamlebygget, på scena og bak scena var det aktivitet. Lange rader med dataskjermar som flimra i alle regnbogens fargar var stort sett det einaste som lyste opp i storsalen der deltakarane sat i full konsentrasjon og i ei heilt anna verd enn den dei kom i frå då dei entra Breimshallen fredag kveld.
– Vi har selt ut absolutt alle billettane og det vil seie at her har vore 200 betalande deltakarar, i tillegg til alle besøkande som har vore inn om, fortalde Jarle Bergheim i arrangørstaben då vi var innom ein tur søndag kveld.








Sovetelt
I eit telt på utsida av hallen var det meininga at dei yngste skulle halde til, dei som er for unge til å få lov til å overnatte. Men dei fekk lov til å vere inne, så dermed vart teltet nytta til dei som ville sove mellom slaga.
– Før var det slik at det var om å gjere å sove minst mogeleg i løpet av ei slik helg, men det har endra seg. No skjønar dei fleste at det kan vere lurt å sove litt, fortalde Jarle Bergheim som reknar med at til Hausten skal teltet ute brukast av dei yngste deltakarane og då vil det bli plass til ein del fleire inne.
– Kjekt å vere her
Vi møtte tre jenter frå Breim som hadde vore der laurdag og søndag, i tillegg til natta i mellom. Då vi besøkte dei var dei i ferd med å avslutte.
– Kva er kjekkast med å vere på datatreff ?, spurde vi
– Det er å vere med på konkurransane fortalde Laila Therese Bjørnareim og venninnene, Thea Klakegg Seime og Sanne Petrine Førde var stort sett samde i det. Elles kunne dei fortelja at dei ikkje hadde sove, men likevel ikkje var trøtte, utruleg nok.
– Men vi skal ikkje ha ei natt til, forsikra jentene som også tykte det var kjekt å møte nye menneske og så var det sjølvsagt kjekt å spele. Alle hadde vore med på bLAN før og vi reknar det som sikkert at dei blir å sjå i Breimshallen også til hausten.








Alt fungerte
Det er mykje teknikk og logistikk som skal på plass for at eit slikt arrangement skal fungere, og det hadde det gjort fekk vi vite.
– Kvar kjem dei i frå alle som er her?
– Storparten er frå Nordfjord og Sunnfjord, men vi har også langvegsfarande, både frå Oslo og Molde, for å nemne nokre, fortalde Jarle Bergheim. Han kunne elles melde om ei helg der teknikken stort sett hadde fungert, og at det som hadde vore av småproblem hadde blitt raskt ordna.
– Der er mykje flinke folk i staben, så det har gått fint, fortalde Bergheim som var ein av rundt 25 i arrangørstaben, i tillegg til folk til rigging og i kiosk. Elles er det ein del feite pengepremiar i sving under datatreffet, noko som er trekkplaster og som engasjerer mange av deltakarane. Det handlar både om dataspelkonkurransar og underhaldningskonkurransar frå scena.