Home   >   Nyhende   >   Full krangel før bryllaupet

Full krangel før bryllaupet

Denne veka vedtok eit klart fleirtal i fylkestinget at inntil 80 prosent av fylkeskommunen sine verdiar i Sogn og Fjordane Energi skal overførast til kommunane. Vedtaket føreset at Sogn og Fjordane vinn fram i rettssaka mot BKK, som meiner dei har forkjøpsrett på aksjane.

Det heilt naturlege fylkestingsvedtaket, som er i tråd med intensjonsavtalen Sogn og Fjordane og Hordaland har skrive, har skapt sterke reaksjonar hjå politikarar i den sørlege delen av det som frå 1. januar 2020 skal bli Vestland fylke.

– Det er klart at når det kjem nye diskusjonar mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, vil det som skjedde bli hugsa, seier fylkesvaraordfører i Hordaland, Pål Kårbø (KrF), til Bergens Tidende.

Han åtvarar mot konsekvensane av vedtaket: – Det skal takast mange avgjerder i fellesnemnda framover, mellom anna når det gjeld lokalisering. I den nemnda har Hordaland fleirtal. Når Sogn og Fjordane har valt å tøye strikken sin så langt, må dei ikkje bli overraska over om det kjem ein motreaksjon.

Os-ordførar Terje Søviknes (FrP) meiner politikarane i Sogn og Fjordane ikkje har spelt med opne kort, og trur dette vil bli synleg når det nye fylkestinget har trådd i kraft. Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) meiner skuffa politikarar i Hordaland kjem til å ta saka med seg vidare, medan stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen (H) skildrar det Sogn og Fjordane har gjort på denne måten til NRK: – Dette er litt som om ein skulle inngå eit ekteskap og den eine parten gjev bort store delar av formuen rett før ein går opp kyrkjegolvet. Det er ikkje ein god start på eit langt og lukkeleg ekteskap.

Det siste har Nilsen for så vidt rett i, men Sogn og Fjordane er i sin fulle rett til å gjere det, og det kan ikkje overraske nokon at tvangsekteskap ikkje blir lukkelege. Dei ovanfor nemnde uttalane viser til fulle kva fjordingar og sogningar har i vente når bryllaupet er overstått og dei to fylka skal dele seng. At hordalendingane allereie no viser til kven som har fleirtal i fellesnemnda, og heilt sikkert vil få det også i det nye fylkestinget, minner oss nok ein gong om kor store dei negative konsekvensane av regionreforma kan bli for Sogn og Fjordane.

I motsetnad til Hordaland, som ikkje har hatt kontroll med eigen pengebruk og har opparbeidd seg milliardgjeld, har fylket vårt mykje pengar på bok. Vi skjøner godt det er freistande for hordalandspolitikarane «å rydde litt i buet etter seg» med midlar frå veslebror i nord, men dette blir heilt feil og må ikkje skje. Og det er vel ikkje uvanleg at den eine parten krev særeige når det er stor ubalanse i eit forhold før inngåing av ekteskap? Dette blir i alle fall ofte gjort når kjærleiken ikkje har gjort heilt blind, og i dette tilfellet er mangelen på kjærleik påfallande.

Vi har mange gongar åtvara mot regionreforma og konsekvensane av henne. Tida er overmoden for å ta til vit og setje foten ned. Heile reforma er eit gedigent politisk mageplask som vart til i ein hestehandel der KrF og Venstre fekk denne i byte mot at Høgre og Framstegspartiet vann fram i saka om kommunereform.

Kva tid skal dei to minipartia frå det gamle politiske sentrumet innsjå at det heile berre er eit spel frå dei blå-blå på vegen mot å eliminere heile regionsnivået? Dei ønskjer det vekk, og syter for å tvangsfôre det så det til slutt er like greitt å leggje det ned.

Når skal Trude Brosvik og andre sentrale KrF-politikarar i dette fylket og på landsplan sjå galskapen i det heile og bidra til at den truleg mest meiningslause reforma dette kongeriket nokon gong har sett blir stogga medan det enno er tid? Til dei finn dette ut, kan dei prøve å forklare oss kvifor Akershus med 621.000 innbyggjarar, Buskerud med 283.000 og Østfold med 297.000 innbyggjarar på død og liv skal tvangssamanslåast til gigantregionen Viken, medan Møre og Romsdal med 267.000 og Nordland med 243.000 innbyggjarar får halde fram som før.