Heim   >   Nyhende   >   Fryktar tøffare dyrkeforhold

Fryktar tøffare dyrkeforhold

Uvêr og øydelagde avlingar skapar uro blant fruktbønder for utfordringane dei vil møte i framtida.

Meir ekstremvêr tvingar norske frukt- og bærbønder til å tenkje annleis om korleis dei skal dyrka mat i framtida.

Etter uvêret på Vestlandet i helga ligg eple og epletre strødd utover fleire stader, blant anna hjå fruktbonden Dagnar Myrold, skriv NRK. Han kan ikkje anna enn å sanke inn epla og plante på nytt.

Bondelagsleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane stadfestar overfor kanalen at mange fruktbønder i fylket har fått ei ekstra utfordring med meir ekstremvêr.

– Vi må jobbe for å sjå til nye metodar som kan avgrense og få ned risiko for skadar. Der må bønder vere flinke, for det blir vanskelegare å produsere mat i framtida, seier han. (©NPK)