– Vi krev ei ny parkeringsteljing som viser reelle tal når det gjeld ledige parkeringsplassar på Sandane, sa Roar Henden.

Fryktar konkurs ved kutt i p-plassar


Områdereguleringsplanen legg opp til ein reduksjon i talet parkeringsplassar i Sandane sentrum på kring 30 prosent. – Viss Sandane Senter misser totalt 76 parkeringsplassar kring bygningen, kan eg seie med ein gong at då er vi konkurs, slo Roar Henden fast på informasjonsmøtet onsdag kveld. 

Svært mange av tilbakemeldingane frå dei frammøtte i salen handla om parkeringsplassar. Ein av dei som er redd for at dette vil få negative følgjer for dei næringsdrivande, er Roar Henden.

– Ikkje gjennomtenkt

– Framtidig bussterminal er plassert på mi tomt, der det i dag er 40 parkeringsplassar som blir disponert av tilsette ved Sandane Senter. Dette får store konsekvensar for planane mine, for dei 40 tilsette ved senteret som ikkje lenger kan parkere der. I tillegg til dette er heile arealet vest for Firdatun med i alt 36 parkeringsplassar gjort om til eit «koseareal». Korleis harmonerer dette med dei næringsdrivande og butikkane på Sandane som prøver å overleve og som ikkje har råd til å miste ein einaste kunde? Viss Sandane Senter misser totalt 76 parkeringsplassar i dette området, vil vi gå konkurs. Då forsvinn det seks butikkar, og då er det ein haug med investorar som går personleg konkurs, meinte han.

Han ser ikkje at dette harmonerer med intensjonane til planen.

– Dette er ikkje gjennomtenkt, slo han fast.

– Kan blir trafikkfarleg  

Grete Nilsen driv frisørsenter på Sandane.

– Flesteparten av kundane våre bur ikkje i sentrum, men kjem frå Breim, Hyen og rundt om. Dei må ha tilgang på parkeringsplassar. I tillegg må vi ha parkeringsplassar til dei som jobbar i sentrum. Når de legg opp til å ta vekk så mange parkeringsplassar, er eg spent på korleis dette vil fungere. Eg tenkjer at det kanskje kan bli trafikkfarleg å fjerne så mange p-plassar, kommenterte ho.

Bjørn Aurlien viste til at administrasjonen har vurdert behovet ut frå parkeringsteljingar og at ein ser at det er rikeleg med parkeringsplassar i sentrum i dag.

– Det er sjølvsagt lov å ha ulike meiningar om dette. Møtet i kveld var meint å vere eit informasjonsmøte der de kan stille spørsmål. Vi legg ikkje opp til noko diskusjon om planen. Vi lagar ingen notat frå denne kvelden. Merknader til planen må sendast skriftleg til kommunen, understreka han.

– Overkapasitet

Jeffrey Thomas ville vite kor stor reduksjonen av parkeringsplassar er i prosent.

– Er det ti eller tjue prosent, spurte han.

– Vi har gjennomførst ei parkeringsteljing, og så har vi redusert talet slik at vi har ein betydeleg overkapasitet i høve til dette. Det er det vi har tenkt. Og så ligg det ein tanke om at fleire skal gå og sykle til sentrum, fortalde Aurlien.

Trine Krogh viste til at Sameiget Sørstrandsvegen 11-13 har éin parkeringsplass til kvart av husværa i dag. I utkastet til reguleringsplan er det lagt inn langsgåande parkering, noko som vil redusere talet parkeringsplassar.

– Kvar skal vi parkere om dette blir ein realitet, lurte ho på.

– Forslaget til områdereguleringsplan er ei forbetring i høve til det som ligg i gjeldande reguleringsplan. Der er det betydeleg færre parkeringsplassar for dette sameiget, fekk ho til svar.

Aurlien gjentok at han ønskte at folk sender inn merknader.

– Dette er ikkje eit møte der vi skal diskutere parkeringsplassar heile kvelden. Vi har fått eit oppdrag av politikarane. Vi har laga eit planforslag. Kom med merknader til det, oppmoda han.

Lagar problem av det

Staffan Hjolmann var positiv til planforslaget og peika på at han likte både fjordpromenaden og stien langs elva.

– Eg tykkjer det er eit svært spennande forslag at ein legg opp til at det kan byggjast bustader på det store området mellom Grandane Senter og Sandane Senter. Det vil endre karakteren på sentrum. Er det planar om å heve grunnen der med tanke på stormflo, spurte han.

Aurlien stadfesta at det er lagt inn krav om at grunnen må hevast. Det er ikkje lov å byggje lågare enn kote 2,7, noko som betyr ei heving av området med om lag ein meter.

Sandane må ifølgje Bjarne Flølo vere den einaste tettstaden i Noreg som har for mange parkeringsplassar.

– Eg har aldri høyrt om noko liknande før, men de lagar dette til eit problem. Rikeleg med parkeringsplassar skal vi ha. Handelslekkasje har øydelagt Sandane over tid. Det må vi få slutt på. Vi må reklamere med at vi har rikeleg med parkeringsplassar, meinte han.

– Til noko betre

Ordførar Leidulf Gloppestad var også til stades på informasjonsmøtet.

– Eg kan forsikre dykk om at eg ikkje er interessert å parkere ved Stil-stova når eg skal gjere helgehandel på Sandane. Som politikar er eg opptatt av korleis sentrum skal sjå ut. Dette skal vi finne ut av i lag med dykk, sa han og heldt fram:

– Eg sit med ei oppfatning av noko uansett må gjerast i sentrum. Kom med innspel på korleis de ønskjer at sentrum skal vere. Treng vi fleire parkeringsplassar? Kvar vil de i så fall leggje desse? Det ville vere bra når vi skal samle oss om eit vedtak. Dette er ikkje noko parkeringsplan, men det er svært bra at vi får litt temperatur i dette møtet. Det er viktig for oss å få vite kva de meiner, men kom også med dei skriftleg. La oss utvikle sentrum til noko betre, sa han.