Heim   >   Nyhende   >   Valforskar fryktar handlingslamma kommunar

Valet i år er ei skikkeleg skrape for Erna Solbergs regjeringsprosjekt, meiner valforskar. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Valforskar fryktar handlingslamma kommunar

Protest og opprør pregar valet i år. Men resultatet kan bli kommunestyre med avgjerdsvegring, fryktar valforskar.

Den store trenden i valet i år er at dei store partia har svekt seg, medan dei mindre har vorte sterkare. Det kan føre til ein ny politisk dynamikk i Kommune-Noreg, meiner professor og valforskar Elisabeth Ivarsflaten ved Universitetet i Bergen.

– Det kan bety ei meir fragmentert styring i kommunane med fleire parti i koalisjon og mindre tydelegare leiarskap. Det er ein annan dynamikk som vi ikkje kjenner så godt frå tidlegare, seier Ivarsflaten til NTB.

Skrape for regjeringa

Samtidig er både Senterpartiets frammarsj i distrikta og MDGs og venstrepartia SV og Raudts framgang i byane uttrykk for kraftig motstand mot politikken til regjeringa, ifølgje professoren.

– Det er ein sentrums-periferi-dimensjon som gjer seg gjeldande. Dette valet er ingen opptur for Erna Solberg. Uansett korleis ein snur og vender på det, er valet ein skikkeleg skrape for regjeringa, slår ho fast.

Så langt viser prognosane tilbakegang for alle dei fire regjeringspartia. Høgre ligg an til ein solid nedtur og risikerer å miste makta i alle dei største byane. Frp er likevel partiet som ser ut til å falle mest samanlikna med stortingsvalet for to år sidan

– Vi lurte jo på når vi skulle sjå regjeringsslitasjen i Frp. No får vi det i store bokstavar, seier Ivarsflaten.

Omfordeling

Samtidig er det klart at Arbeidarpartiet ikkje har greidd å fange opp motstanden og utnytte posisjonen sin som det største opposisjonspartiet, meiner ho. I staden har partiet leke som ein sil til Senterpartiet i distrikta og MDG, SV og Raudt i byane.

– Ironien her er jo at Ap likevel vil behalde makta og styringa mange stader, seier valforskaren.

Konsekvensen kan samtidig bli ei omfordeling av makt innan den raudgrøne blokka. Korleis dette vil prege norsk politikk framover, er vanskeleg å seie, meiner Ivarsflaten.

– Eit samarbeid på raudgrøn side, der Ap ikkje har tyngden, er eit ikkje kartlagt terreng. Så lenge vi har levd, har vi hatt eit stort Arbeiderparti, påpeikar ho.

Fryktar skuffa veljarar

Ivarsflaten fryktar at dette mange stader kan føre til manglande avgjerdsdugleik, særleg i kommunar der fleire parti må samarbeide.

– Mange kommunar får ein situasjon som dei aldri har hatt før. Det verste som kan skje, er at politikken bli ståande stille, fastlåst.

– Det eg er redd for, er at dette kan føre til skuffelse hos mange veljarar. Dei har stemt for ei tydeleg retning, som i klima- eller bompengesaka. Men no kan vi ende opp med fragmenterte politiske strukturar som ikkje greier å levere, seier ho. (©NPK)