Born treng vaksne som engasjerer og bryr seg.

Fryktar born i Gloppen får vonde juleminne

Kvar femte innbyggjar i Gloppen har vore uroa for eit barn i omgangskrinsen på grunn av alkoholbruken til foreldra. Er du bekymra, har du plikt til å seie ifrå, meiner alkovettorganisasjonen Av-og-til. 

– Born treng vaksne som engasjerer seg og bryr seg. Viss du ser at andre foreldre drikk så mykje at du blir bekymra for eit barn, er du som vaksen plikta å hjelpe barnet, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

Kjøper mest alkohol

Desember er den månaden i året vi kjøper mest alkohol her i landet. Ei fersk undersøking IPSOS har gjennomført for Av-og-til viser at 18 prosent av dei spurte i Gloppen har vore bekymra for eit barn i sin omgangskrins fordi foreldra har drukke for mykje. Det er klart over landsgjennomsnittet på ni prosent.

Eriksrud er overraska over at såpass mange i Gloppen seier at dei har sett born som slit på grunn av alkoholbruken til vaksne, men meiner det også viser at dei som bor i kommunen har stor omsorg for borna i nærmiljøet.

Bryr seg om borna

– Det er positivt at mange er gode naboar og legg merke til korleis andre born har det. Mange av dei som har opplevd at mamma eller pappa har drukke for mykje alkohol, spør seg nettopp kvifor alle såg at foreldra drakk for mykje, men ingen gjorde noko. Dette viser at innbyggjarane i Gloppen kommune står saman og bryr seg om borna rundt seg, seier Eriksrud.

I desember er det ofte tett mellom juleselskapa. Sidan jula er ei familietid, er det også mange av oss som drikk meir alkohol saman med born i jula enn elles i året. Eriksrud meiner det bør få oss til å tenke ekstra godt over alkoholforbruket vårt i juleferien.

– Ingen born har fulle foreldre på ønskelista si. Vi oppmodar alle foreldre til å tenke over kor mykje og kor ofte dei drikk i jula, seier Eriksrud.

100 personar deltok i undersøkinga i Gloppen. 7264 personar over 18 år deltok i undersøkinga på landsplan.

Tips

Dette kan du gjere dersom du er bekymra for eit barn:

Ta kontakt med barnet og vis at du ser kva som skjer.

Forsøk å snakke roleg med foreldra. Beskriv kva du ser, og sett ord på kva du tenkjer.

Snakk med andre vaksne. Ser dei det same som deg? Kva kan de gjere saman?

Sei ifrå til ansvarspersoner, som til dømes lærar eller helsesøster.

Ikkje nøl med å ta kontakt med Alarmtelefonen for born og unge om du treng nokon å lufte tankane med (116 111).