Heim   >   Nyhende   >   Fruktbønder kan få erstatning for frostskadar

Illustrasjonsfoto arkiv.

Fruktbønder kan få erstatning for frostskadar

Fruktbønder som har fått problem på grunn av nattefrost, blir no oppmoda om å søkje erstatning.

Landbruksdirektoratet minner om at den same ordninga som hjelpte mange bønder under tørkesommaren i fjor, også gjeld for andre klimaskadar. Direktoratet oppmodar no bønder som opplever frostskadar, om å dokumentere skaden og kontakte kommunen sin så raskt som mogleg.

– Det aller viktigaste for dei det gjeld er å dokumentere skaden og omfanget, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

For å få erstatning er det likevel sett visse krav. Søkjarane må mellom anna ha rett på produksjonstilskot i landbruket. Svikten i produksjonen må dessutan vere på meir enn 30 prosent målt opp mot gjennomsnittsproduksjonen. Det er også eit krav at det ikkje er mogleg å forsikre seg mot avlingsskaden gjennom privat forsikring. Bøndene har dessutan plikt til å avgrense avlingstapet så langt det er mogleg, opplyser direktoratet på eigne nettsider. (©NPK)