Frps landbrukspolitiske talsperson Morten Ørsal Johansen og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) presenterte detaljane om kompensasjonen for pelsdyrbøndene tysdag. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB scanpix/NPK.

Frp og regjeringa samde om kompensasjon til pelsdyrbønder

Framstegspartiet og regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF er samde om ei ordning for kompensasjon for pelsdyrbøndene som må avvikle bruka sine.


Partane har vorte samde om å droppe erstatning basert på bokført verdi eller tal avlstisper. I staden blir kompensasjonen basert på ei verdivurdering av kvart enkelt pelsdyranlegg, heiter det i avtalen som NTB har tilgang til.


Avtalen blir fremja som eit forslag frå dei fire partia på borgarleg side i Stortinget tysdag. Frp sin landbrukspolitiske talsperson Morten Ørsal Johansen og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) presenterte detaljane i han på ein pressekonferanse på Stortinget klokka 9.30.


Avtalen vart klar berre ein time før saka skal debatterast i Stortinget, som skal behandle eit forslag frå Senterpartiet om å gi pelsdyrbøndene «full erstatning».



«Faglig verdivurdering»

Frp, Høgre, Venstre og KrF er samde om å definere saka som eit inngrep som liknar oreigning. Oreigning tyder at staten tar ifrå nokon eigedomen deira med tvang, og at dei derfor får ein økonomisk kompensasjon for det.


«Stortinget ber regjeringen om å utforme et opplegg for taksering av pelsdyranlegg basert på faglige verdivurderinger som tar utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslige regler», heiter det.


Det er ikkje sett noka økonomisk ramme for erstatningsordninga dei fire partia på borgarleg side no er samde om. Det siste forslaget som låg på bordet frå regjeringa, hadde ei økonomisk ramme på vel 800 millionar kroner.



Venstre-siger

Det var Venstre som i regjeringsforhandlingane, først på Jeløya i 2018 og så på Granavolden i fjor, fekk gjennomslag for å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025. Men diskusjonen om erstatning for pelsdyrbøndene som blir tvinga til å avvikle, har vore lang og kronglete. Ordninga har fleire gonger vore jekka betydeleg opp.


Representantar frå både Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre har vore misnøgde med kompensasjonen som har vore foreslått.


Høgres Margunn Ebbesen i næringskomiteen er glad for avtalen som no er på plass, og seier pelsdyrforbodet har vore ei krevjande sak for dei bøndene det gjeld.


– Derfor har det vore viktig å få på plass ei kompensasjonsordning. Det var viktig at vi no fekk på plass ei ordning som gir føreseielegheit i staden for å gå i gang heilt på nytt med nye utgreiingar som skulle bli lagde fram for ny stortingsbehandling, slik Ap og Sp ville, seier ho.