Leiarane ved dei nasjonale hestesentra deltok på standen under Norwegian Horse Festivaltorsdag. Frå venstre dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, direktør ved Norsk Hestesenter, Cecilie Gaarder Skaug og dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/ lyngshest Linda Nordgård Holmebukt.

Frontar norske hesteraser saman

Dei nasjonale hesterasane, dølahest, fjordhest og nordlandshest/ lyngshest er samla på felles stand under Norwegian Horse Festival på Lillestrøm denne helga.  – Det er første gongen vi har fått til eit slik samarbeid, og vi vil  utvikle dette vidare, seier direktør ved Norsk Hestesenter, Cecilie Gaarder Skaug.

Gjennom helie festivalen vil du møte representantar frå raseorganisasjonane og dei nasjonale hestesentra. Representantane vil gjerne møte hesteinteresserte, informere og slå av ein prat om dei tre rasane og aktivitetane rundt dei.

Det er eit stadig tettare samarbeid mellom raseorganisasjonen og dei nasjonale hestesentra om bevaringsarbeid, men det er første gongen dei presenterer seg samla under same profil.

- Vi må bli flinkare til å vise oss frem. Det er viktig å vere til stades og vise igjen på slike store arrangement, seier leier i Norges Fjordhestlag Janne Seilen, og trur fleire vil få augene opp for eigenskapane til dei nasjonale rasane.



Norwegian Horse Festival er ei vidareføring av Arctic Equestrian Games (AEG), og er flytta frå Stokke i Vestfold til Norges Varemesse på Lillestrøm. Dette er ein skikkeleg hestefest med spektakulære show, clinicer og internasjonale klasser i sprang, dressur og islandshest, og er det største hesteeventet i Norge nokon gong.

- Dei nasjonale rasane passar bra også til sportsbruk, men vi må vise oss meir fram på dette området,  seier Linda Nordgård Holmebukt, dagleg leiar ved Nasjonalt senter for Nordlandshest/ Lyngshest.

Alle raseorganisasjonane har nasjonale meisterskap, eller NM, og laurdag samlar alle arrangørane seg på standen. Holmebukt håper dei som er nysgjerrige nyttar høvet til å sjå innom.

Det har vore mange innom standen dei første timane av festivalen. Både dei som har nasjonal rase sjølv, dei som er ekstra interesserte og andre.

- Det er gøy og stå her saman, og det er kjekt å snakke med deltagarane under festivalen, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, og fortel at det er tydleg at mange har eit forhold til minst ein av rasane trass i at dei ikkje har brukt dei sjølve.

Du møter representantar for alle de norske rasane på Norwegian Horse Festival. Asle Espe frå Norsk Fjordhestsenter informerer sjølvsagt like gjerne om dølahest og nordlandshest/ lyngshest.
- Vi er stolte av dei som stiller til start med norsk rase, seier leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/ lyngshest. Linda Nordgård Holmebukt. Miriam Winterseth deltok under ponni under Norwegian Horse Festival på Lillestrøm.