Fritt behandlingsval blir oppheva

Tysdag gjer Stortinget om ni koronaforskrifter til mellombelse lover. Ei av dei er å fjerne retten til fritt sjukehusval fram til årsskiftet.


Tysdag blir regjeringsforslaget om mellombelse endringar i helseberedskapslova dunka igjennom i Stortinget. Bakteppet er koronasituasjonen og behovet for unntak frå gjeldande regelverk.


Sidan sjukehusa må ha beredskap for å kunne handtere mange koronasmitta pasientar, blir retten til fritt behandlingsval fjerna fram til 1. januar 2021. Med unntak av Framstegspartiet stiller alle partia seg bak dette.


I tillegg blir det gjort mellombelse endringar i mellom anna opplæringslova, i regelverket for barnevernet, utlendingslova, straffegjennomføringslova og plan- og bygningslova.


Regelendringane har fram til no vore heimla i forskrifter innunder den mykje omtala koronalova. Men sidan koronalova blir oppheva 27. mai, må Stortinget vedta dei mellombelse lovendringane for at tiltaka skal kunne vidareførast.


(©NPK)