Heim   >   Nyhende   >   Frårår ferdsel i og i nærleiken av skredterreng

Snøskredvarsel for helga.

Frårår ferdsel i og i nærleiken av skredterreng

Det er meldt raudt farenivå for snøskred i indre delar av Fjordane og Sogn i helga.

Særleg laurdag er åtvaringane sterke mot å nærme seg skredterreng, medan det framleis er usikkert korleis det vert søndag.

Fjordane: Sørg for god sikkerhetsmargin

varsom.no sine nettsider er det varsla oransje farenivå fredag, og raudt på laurdag. I varslingsteksten heiter det for indre Fjordane at «kraftig vind og snøfall gir økt skredfare og store skred kan løsne av seg selv. Sørg for god sikkerhetsmargin til alt skredterreng.»

Sogn: Frårår ferdsel i og i nærleiken av skredterreng

Om indre Sogn heiter det at «ferdsel i og i nærheten av skredterreng frarådes. Store skred i fokksnøen kan løsne av seg selv. Hold avstand til områder med høyt vanninnhold og sigesprekker.»