Fransk-norsk gitartrio kjem til Sandane

Den klassiske gitartrioen Trio Franor held konsert i Sandane kyrkje torsdag 3. januar. 

Som namnet tilseier er dette ein fransk-norsk  gitartrio som vart stifta i februar 2018 av Ingrid Horvei Lyslo, Anna Vegrim Ryvænge og Marine Bouttier. Dei tre unge gitaristane ønskjer å dele entusiasmen sin og interessa si for klassisk gitar, hovudsakleg gjennom formidling av musikk for tre gitarar.

For tida består repertoaret deira for det meste av musikk frå Frankrike, Noreg, Russland og Brasil.

Trioen spelte i 2018 mange konsertar i Danmark og Frankrike, og har fått svært gode tilbakemeldingar. «De fik deres guitarer til at lyde som om, der var flere forskellige instrumenter til stede», skreiv Sindal Avis etter ein konsert i Ugilt kirke i Danmark i september.

Repertoaret på konserten i Sandane kyrkje består av original musikk for tre gitarar av den franske komponisten Francis Kleynjans, brasilianske Paulo Bellinati og russiske Mikhail Sytchev. I tillegg kjem Edvard Grieg sin Holbergsuite og Rondo Amoroso av Harald Sæverud, dei to sistnemnde i arrangement for tre gitarar. Musikken er klassisk basert med element av både jazz, latinamerikansk og folkemusikk.

Horvei Lyslo er dotter til utflytt sandensar Øyvind Lyslo, og gjekk ut frå musikklina ved Firda vidaregåande skule i 2015. Etter tre år med klassiske gitarstudiar i Kristiansand, studerer ho no ved Griegakademiet i Bergen.

Anna Vegrim Ryvænge kjem frå Drammen, medan Marine Bouttier kjem frå Le Châtelard i dei franske alpane.