Home   >   Nyhende   >   Framleis svært stor skogbrannfare

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix.

Framleis svært stor skogbrannfare

Mange stadar i landet er skogbrannfaren framleis på det aller høgste nivået. Blant anna gjeld det alle målestadar i Østfold.

I Råde ligg indeksen på heile 215 for tysdag, ifølgje oversikta til Yr.no.

Alt over 70 blir rekna som svært stor skogbrannfare, som raudt nivå og det aller høgste.

Også fleire stadar i blant anna Akershus, Hedmark, Buskerud, Vestfold, Vest-Agder, Hordaland og Sogn og Fjordane er brannfaren oppe på raudt nivå måndag eller tysdag.

Ifølgje NRK ser ikkje eit lågtrykk over Sør-Noreg i midten av veka ut til å vere nok til fjerne den store skogbrannfaren.

– Det er litt usikkert på kvar nedbøren vil kome. Det kjem eit nedbørsområde frå sør, men kvar det vil kome og kor mykje er usikkert. I Oslo ligg det an til å komme under 10 millimeter, så det er ikkje snakk om mykje regn, fortel meteorologikonsulent Jan Inge Hansen ved Meteorologisk institutt. (©NPK)