Framleis for dårleg sikt i Jølstravatnet til å finne sakna mann

Ein mann i 50-åra er framleis sakna etter rasa i Jølster i slutten av juli. – Vi ventar no på at sikta i vatnet skal bli betre, seier brannsjefen i kommunen.


To veker er gått sidan rasa i Jølster. Søka i Jølstravatnet er førebels sett på vent – fram til sikta i det grumsete vatnet skal bli betre.


Den siste tida har det vorte gjennomført ei rekke søk i vatnet med ein såkalla ROV-ubåt, men sikta har vore for dårleg. Torsdag førre veke vart det gjort funn av det som truleg er bilen til den sakna mannen.


– Det er dårleg sikt i området der bilen er. Det er rasmassar og ein del finstoff som hindrar søket, seier brannsjef Tor Arild Segtnan i Jølster brannvesen til NTB.



Fleire bildelar

Funnet førre veke vart gjort på cirka 170 meters djupne og nesten 700 meter ut frå land.


Brannvesenet i Jølster har hjelpt politiet i det omfattande leitearbeidet.


– Vi har òg funne plastdelar som heilt tydeleg stammar frå ein bil. Men det har jo vore mange trafikkulykker langs dette vatnet opp igjennom åra, så det ligg jo ein del i vatnet frå tidlegare ulykker. Så om delane frå funnet stammar frå akkurat den bilen vi leitar etter, det veit eg ikkje, seier Segtnan.



Garnfiskarar held utkikk

Politiet har halde moglegheitene opne for at mannen ikkje er inne i bilen. Derfor har kommunen bedt garnfiskarar ta kontakt dersom nokon skulle gjere eit funn. Sesongen for flytegarn byrja i helga.


– Eg trur framleis det er håp om å finne sjåføren inne i bilen. Når forholda ligg til rette for at det blir mogleg å sjå bilen, trur eg òg vi finn sjåføren, seier brannsjefen.


Politiet har uttalt at det i verste fall kan ta veker før sikta i vatnet er god nok til at søka kan takast opp att.



Feia med seg fylkesveg

Mannen i 50-åra har vore sakna sidan eit breitt ras gjekk over fylkesveg 451 i Jølster kommune tysdag 30. juli. Raset feia med seg delar av vegen ut i vatnet.


Tidlegare same dag gjekk det fleire jordras i Jølster og Førde etter eit kraftig regnvêr. På E39 gjekk det fire ras på ei strekning på tre kilometer.


Politiet har fått kritikk for å ha gjenopna vegen for tidleg. Kort tid etter gjenopninga gjekk raset som tok med seg bilen. Politiet har beklaga det tragiske utfallet. (©NPK)